Stakksteinsliknuten og nabotopper (26.06.2018)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Hægebostad/ Urestadveien (190m)
Endpoint Hægebostad/ Urestadveien (190m)
Characteristic Hike
Duration 8h 00min
Map
Ascents Loneheia (604m) 26.06.2018
Stakksteinsliknuten (625m) 26.06.2018
Storskorhei (622m) 26.06.2018
Ørnehei (509m) 26.06.2018

Frå fv 43 ved Snartemo kjørte eg over brua rett nord for jernbanebrua og parkert i den første skarpe svingen. Derfrå gjekk eg oppover på grusvegen der det var skilta tursti til Stakksteinsliknuten. Tok avstikkere opp til Ørnehei og Loneheia som ikkje har sti. Grusvegen går heilt til topps på Stakksteinsliknuten der det er ein meteorologisk radar som ses som ein kvit kuppel på avstand. Det er også sikteskive og vardebok på toppen. Ikkje dei heilt store besøkstala sjøl om dette er ein lett tilgjengelig topp takka vere vegen. Denne toppen må nok inn på listene over signaltopper med vei og sikteskiver. Kunne bl.a sjå Voreknuten i Lund og Skykula i Bjerkreim. Etter ein lang pause i varmt ver gjekk eg over Storskorshei som bare er 3 m lågare enn Stakksteinsliknuten. Fulgte så grusvegen ned igjen.

Låst bom på vegen opp til Stakksteinsliknuten.
Låst bom på vegen opp til Stakksteinsliknuten.
På Ørnehei med Stakksteinsliknuten mellom trærne litt t.h. for midten.
På Ørnehei med Stakksteinsliknuten mellom trærne litt t.h. for midten.
Liten varde på Loneheia.
Liten varde på Loneheia.
Utsikt nordover mot det litt lågare trigpunktet.
Utsikt nordover mot det litt lågare trigpunktet.
På trigpunktet mot den litt høgare toppen i bakgrunnen.
På trigpunktet mot den litt høgare toppen i bakgrunnen.
Utsikt nordaustover.
Utsikt nordaustover.
Meteorologisk institutt's nedbørradar på Stakksteinsliknuten.
Meteorologisk institutt's nedbørradar på Stakksteinsliknuten.
Sitjebenk, vardebok og sikteskive.
Sitjebenk, vardebok og sikteskive.
Sørvestover mot Storskorshei.
Sørvestover mot Storskorshei.
På Storskorshei mot Stakksteinsliknuten i bakgrunnen.
På Storskorshei mot Stakksteinsliknuten i bakgrunnen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.