Råna, Sykkylven (Ørsta) (23.07.2018)

Written by Elementmannen

Duration 6h 58min
Distance 13.7km
Vertical meters 1,572m
GPS
Ascents Råna (1,587m) 23.07.2018 14:54
Visits of other PBEs Haukåssetra p-plass (220m) 23.07.2018 11:02
Regndalstind sørvesteggen - klyvepunkt (1,350m) 23.07.2018 14:00

Planen var eigentleg Blegja i Askvoll, men med dårligare verutsikter sørover var det cirka like langt til Urke frå BC Utvik, omtrent 2 korte timar køyring utan fergje.
Vi starta kl. 1100 frå Haukåssetra (50 kr i bompenger, kontant!) i superlett skydekke og på god sti. Blåbær og krekling, kyr og sau og fin trasking oppover. M hadde med stavar, men med tett sti og mykje er det lite bruk for desse på denne turen (kanskje 1 vandrestav i staden?).
Små avstikkarar, men stort sett rett på sti og etterkvart sva og litt ymse 'T'-merking. Vi skjønte ikkje heilt skiltet i nede "Råna 4,0 km" kor det var skilta til (lenger til topps). Med tørke i lang tid gjekk det fint opp til skaret og vidare opp ur til Regndalstindeggen. Her vurderte eg det som litt luftig til i nord (venstre) på klyvepunt så vi slapp opp oss ned på sva og gjekk rundt her og så opp på eggen att, ref. sporing. Ikkje gjer dette på glatt berg!
Ferdig med det luftige partiet var det i skråura bort mot sadel og opp til toppen. Majestetisk utsikt i alle retningar sett bort frå nordvest der eit kvit vegg traff Råna. Eg vurderte å klyve bort vidare på eggen til dei andre punkta, men grunna rolla som 'ansvarleg fører' i dag lot det vere. Eg ser på bileta at breen i år mindre enn i september for 2 år sidan. Skremmande...

Ned att drog vi rett over eggen og "droppa ut" for ei steinhylle i staden å runde på det luftige punktet. Når eg gjekk opp å sjekka på nytt hadde det gått fint å gått rundt på dette punktet om houvdet er med. Resten ned vart det litt pres på tærne framme i skoa, blåbær rundt munnviken og kaffi på Union Hotell Øye. Ein flott dag i Ørsta på veg til kommunetoppen i Sykkylven :p

Tid opp 3t 57min
Totalt 6t 55min

Dagens dyr: Sau og kyr

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.