Slettmarkkampen (22.07.2018)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Eidsbugarden (1,061m)
Characteristic Hike
Duration 10h 19min
Distance 24.6km
Vertical meters 980m
GPS
Ascents Slettmarkkampen (2,032m) 22.07.2018 10:02
Visits of other PBEs Fondsbu (1,065m) 22.07.2018 10:02
Høystakka sommerbro (1,260m) 22.07.2018 11:44

Fin tur i varmt sommarvèr til Slettmarkkampen med Marita i dag. Ruta frå Eidsbugarden langs Bygdin er utruleg vakker, med nydeleg blomsterprakt. På tur ein har planlagt langt og høgt, så kan det opplevast som litt kjedeleg transport-etappe. Særleg på returen. Fint var det i alle fall.

Vi følgde ruta mot Gjendebu, og tok så av ruta inn Uksedalen, som er merka mot Torfinnsbu. Så var det å passere elva, og sikte seg inn på skaret der elvane kjem ned i retning nordaust. Opp her er det temmeleg brattlendt, særleg frå 1600 m.o.h. Vi valde ei rute til venstre for dei to elvane opp. Det var trakk, og lett å finne ruta. I regnvèr, ville eg vore noko skeptisk eit par plassar. Nedatt valde vi ei rute der vi kryssa elva. Dette av meir nysgjerrigheit. Vi kom fint ned her og. Frå 1700 meter var det grei skuring til topps. Mykje stein av ulik sort. Mest sva, og ein ser at snøbruer/småbrear som har lege her i fleire hundreår, har trekt seg enormt tilbake, nesten heilt nedsmelta her. Samme når vi såg ned på den flotte Slettmarkbreen. Det ser ut som om den er ca. 80 høgdemeter kortare enn på Norgeskart.

Rett under toppen var det ei veldig fint blikk opp mot Slettmarkkampen, og ikkje minst tok Slettmarkpiggen seg flott ut frå denne vinkelen. På toppen var det å nyte utsikta, og fotografere ein del. Eg gikk litt ned for å sjekke nedstigninga i skaret, for ruta mot Slettmarkpiggen. Då kom det eit ungt par tilbake. Dei kveila inn tau som dei valde å nytta på denne staden. Dei hadde vore på toppen av Slettmarkpiggen. Eg returnerte toppen, og snart vende vi nasen i retur mot Eidsbugarden. Fin dag i fjellet. Men ein kjenner det i skrotten etter 10 timar på tur.

Galdeberget sett frå Uksedalen.
Galdeberget sett frå Uksedalen.
Oppstigninga mot fjellemassivet som Slettmarkampen ligg på.
Oppstigninga mot fjellemassivet som Slettmarkampen ligg på.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.