Smørstabbtind (21.07.2018)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Vest for Leirvatnet (1,723m) | 21.07.2018 10:27 |
---|---|---|
Store Smørstabbtinden (2,208m) | 21.07.2018 11:54 | |
Nord for Store Smørstabbtinden (1,857m) | 21.07.2018 13:04 | |
Storbreatinden (2,018m) | 21.07.2018 13:39 | |
Veslbreatinden (2,092m) | 21.07.2018 14:11 | |
Hurrbreatinden (2,060m) | 21.07.2018 14:34 | |
Bakarste Skagsnebb (2,093m) | 21.07.2018 15:20 | |
Veslfjelltinden (2,157m) | 21.07.2018 16:54 | |
Visits of other PBEs | Krossbu (1,270m) | 21.07.2018 09:00 |
Kristine, pappa og eg drog i frå Gausdal i 7-tida fredag kveld til Krossbu. Etter frukost på hotellet, gjekk vi i vegen på tur klokka 9 på laurdag. Vi følgde delvis råket opp til Leirbrean, og opp til den vesle toppen ved Leirvatnet. Opp til Store Smørstabbtind følgde vi den bratte ryggen langs stupet. Fantastisk utsikt på toppen, og varmt vêr, så vi kosa oss med matpakka ved toppvarden. Ned at gjekk vi det varda tråkket i flanken, som var noko laust og vondt. Vidare over Storbreatind og Veslbreatind til Hurrbreatind. I frå Hurrbreatind gjekk vi den artige eggen ut til Bakarste Skagsnebb. Morosamt for meg med ein ny 2000-topp! Kristine gjekk eggen heile vegen, medan pappa og eg gjekk omgåinga i sør på veg opp til Bakarste Skagsnebb. På veg tilbake gjekk Kristine også omgåinga. Tilbake på Hurrbreatind vart vi einige om å ta med Veslfjelltinden når vi først var så nærme. Vi var tilbake på Krossbu kvart på sju, då fekk vi tilsnakk frå driver om at når middag er halv sju, så betyr det halv sju! Men vi fekk middag uansett. Ein flott tur i stort sett bra vêr, men og litt skodde av og til.
User comments