Romsdal: Vikesoksa og 1502-toppen (pf 100 komplett) (19.07.2018)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Brandstad (180moh)
Sluttsted Brandstad (180moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 7t 50min
Distanse 23,7km
Høydemeter 2000m
GPS
Bestigninger Fløtatinden Sørøst (1503moh) 19.07.2018
Vikesoksa (1809moh) 19.07.2018
Lille Vikesoksa (1762moh) 19.07.2018

Møre og Romsdal pf 100 1150/1161
Romsdal og Nesset 100%

Kom til Brandstad den 18. og var veldig usikker på veret og kva eg skulle gjere. Det var bekmøkre skyer over toppane og etter ei lita stund kom eit uver av dimensjonar. Lyn og torden og regnet bøtta ned. Så klarna det opp, og ein kveldstur virka fristande. Men ein sjekk av yr.no kunne bekrefte at det vart reprise på dette uveret i 5-6-tida. Noko som det og vart. Takk for at eg ikkje tok til fjells denne dagen! Vart mykje kaffi, rydding og vasking i bilen, samt ein tur til Brandstadbu.
Dagen etter var det ikkje meldt regn og torever, men den elendige skodda var igjen tilbake. Gjekk veien til Jønnstad. Så var det ikkje enkelt å finne den stien oppover. Gjekk mot elva, her var det ein rygg utan vegetasjon oppover. Omtrent i tregrensa kom eg innpå stien. Fulgte denne på returen ned lia. Den er ikkje lett å følgje og ennå verre å finne nedanfrå. Så vart det å gå etter GPS til 1502-toppen og sørover til nordtoppen. I skodda var det ikkje lett å sjå kvar eg skulle gå vidare, men gjekk ned i vestsida eit godt stykke under skarhøgde, og så inn i ei renne og kom opp akkurat i det veldig markerte skaret. Så lett vidare til Vikesoksa. Kom akkurat over skodda i dag. Dvs det er ikkje mange andre toppar å sjå sidan Vikesoksa er 1809. Tok meg ein god halvtime i sola før eg returnerte. Passerte Stikk Ut-posten på sætra og etterkvart slo eg lag med ein trimmar frå Sunndal nedover tll Brandstad igjen. Heilt sikkert ein fin tur dette, lite besøkt sannsynlegvis. Skodde kan ein leve med men i dag var den helsika seige å komme over. GPS viste 2370 hm stigning etter at eg la inn sporet her. Det er altfor mykje. Korrigert til 2000 etter kartlesing.

Ho var jaggu seige skodda i dag
Ho var jaggu seige skodda i dag
Triveleg stund akkurat over skodda
Triveleg stund akkurat over skodda

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.