Ein julidag for minneboka! Første gong på Snøfjellet for 2/3 av turfølgjet, og første gong frå nordsida for alle mann. Ikkje så lett å finne særleg informasjon om ruta opp denne vegen, så da vart enklaste løysing å legge ut på inspeksjon på eiga hand - resultatet let seg oppsummere i ein handfull bilete.
Vi la ruta nedom og på vestsida av nokre små hamrar. Eit par plassar der ein måtte bruka både armer og bein for å kome seg ned, men ikkje særleg krevande på tørre forhold.
Rådslaging om vidare rutevalg. Vi enda opp med å gå heilt inn til veggen, deretter 20-30 meter nedover til høgre, for så å følgje ei slags renne oppover. Der vart det enkel kliving utan å hamne så langt ut på kanten som vi hadde frykta. Enklare enn deg såg ut som på avstand, med andre ord, men framleis å foretrekkje på tørre forhold.
Vi fekk heile Snøfjellet for oss sjølv denne måndagen. Hadde det ikkje vore for andre forpliktelsar hadde det nok vorte enda lenger pause enn den timen vi brukte på toppen. Alldeles makalaust!
User comments
Fasit for Snøfjellet nord
Written by Dryasanne 21.07.2019 12:16Helt fantastisk historie og velskrevet om hvordan en perfekt trase opp på Snøfjellet legges!