Høgvagltindane frå Leirvassbu (30.06.2018)  5

Written by KnutStorvik (Knut Storvik)

Start point Leirvassbu (1,400m)
Endpoint Leirvassbu (1,400m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 00min
Distance 12.0km
Vertical meters 910m
Map
Ascents Høgvagltinden (1,925m) 30.06.2018
Midtre Høgvagltinden (2,066m) 30.06.2018
Vestre Høgvagltinden (1,967m) 30.06.2018
Austre Høgvagltinden (1,916m) 30.06.2018

Med utgangspunkt frå Leirvassbu ser ein rett ot Høgvagltindane. Dei er ikkje dei mest kjende toppane i Jotunheimen, men mange har sett dei!

Fjelltoppane speglar seg i Øvre Høgvagltjønnen. Autre Høgvagltinden er den midt i bildet.
Fjelltoppane speglar seg i Øvre Høgvagltjønnen. Autre Høgvagltinden er den midt i bildet.

Dette er ein rundtur som er veldig fin dersom ein vil ha ein litt lengre tur enn det Stetinden og Kyrkja. Sjølv brukte eg seks timer rundt - og da gjekk eg i eit ok tempo.

Turen starta frå Leirvassbu og eg fulgte samme veg som brukast for å gå til Kyrkja. Turen dreide etterkvart mot vatnet Øvre Høgvagltjønnen til enden av vatnet. Her gjekk eg over bekken som rant og starta oppstigninga opp mot Austre Høgvagltinden (1.916 moh).

Oppe på toppen av Austre Høgvagltinden med utsikt mot Midtre (t.v) og Vestre liggende ved Høgvaglbreen
Oppe på toppen av Austre Høgvagltinden med utsikt mot Midtre (t.v) og Vestre liggende ved Høgvaglbreen

Sjølv tykte eg oppstigninga var ganske grei, med noko klyving og noko glatt underlag sidan det rant vatn der. Det gjekk radig oppover til toppen, og der kunne eg skimte resten av turen rundt Høgvaglbreen mot Midtre og Vestre Høgvagltinden. Ein går aldri på bre på turen, og det er ganske greit å finne vegen. Hugs gjerne den andre toppen over 2.000 meter (sør for Midtre - 2.015 moh) som eg dessverre glømde.

Toppen av Midtre med Vestre i bakgrunnen
Toppen av Midtre med Vestre i bakgrunnen
Midtre Høgvagltinden sett fra mellom Midtre og Vestre
Midtre Høgvagltinden sett fra mellom Midtre og Vestre

Det er ein heilt fantastisk utsikt langs heile turen frå Austre til Midtre og Vestre. Her har ein utsikt mot store delar av Jotunheimen og Hurrungane. For å kome opp på Vestre Høgvagltinden må ein gå litt opp igjen etter å ha gått ned frå Midtre.

Utsikten frå Vestre Høgvagltinden med Leirvassbu midt imot. Kyrkja til høgre i bildet og Stehøe til venstre
Utsikten frå Vestre Høgvagltinden med Leirvassbu midt imot. Kyrkja til høgre i bildet og Stehøe til venstre

For eigen del bomma eg litt på ruta ned frå Vestre, og hamna for langt til nordvest. Eg kunne med fordel lagt meg litt meir mot breen på austsida sidan eg kom bort i nokre luftige klyvepartiar. Etterkvart fann eg meg nokre flotte snørenner og rant ned ein del høgdemetre.

Vel nede kan ein velge sin eigen sti - nokre vel å følge ryggen bortover til stien, eg skjærte meir til vest og hamna etterkvart ved sidan av Gravdalstjørne og kom inn på terrengvegen inn mot Leirvassbu.

Ein storslått utsikt heile turen - her ligg Vestre Høgvagltinden til venstre i bildet
Ein storslått utsikt heile turen - her ligg Vestre Høgvagltinden til venstre i bildet

Ein flott rundtur som dei aller fleste fjellvante klarer så lenge den fysiske formen er ok. Det er nokre klyveparti, spesielt ned frå Vestre, som ein bør ta med i planlegginga.

God tur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.