Tur til Storkvelvbua (15.07.2018)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Megrundskampen (1,346m) | 15.07.2018 13:30 |
---|---|---|
Rundhøa (1,252m) | 15.07.2018 14:16 | |
Krusgravkampen (1,280m) | 15.07.2018 15:14 | |
Brennhøa (1,244m) | 15.07.2018 16:57 | |
Raudgrovhaugen (1,220m) | 15.07.2018 18:09 | |
Raudgrovhaugen øst (1,200m) | 15.07.2018 18:24 | |
Storkvolvbuhøgda (1,252m) | 15.07.2018 20:37 | |
Raudgrovtjønnfjellet (1,350m) | 15.07.2018 21:07 | |
Visits of other PBEs | Venlisæter parkering | 15.07.2018 11:50 |
Storkvelvbu (1,200m) | 15.07.2018 19:00 |
Tur til Storkvelvbua
Eg har hatt lyst til å prøve ein tur med overnatting i fjellet, og Kristine var villig med. Storkvelvbua i Vestfjellet vart målet. Vi parkerte ved Venlisetra i Espedal, og gjekk i vegen med tyngre sekkar enn vanleg. Råket til Storkvelvbua er eit godt merka DNT-råk. Nokon toppar vart det sjølvsagt undervegs. Først satt vi frå oss sekkane ved råket og gjekk oppom Megrundskampen, før vi bar med oss sekkane opp på Krusgravkampen. Nede at frå Krusgravkampen satt vi endå ein gong sekkane frå oss, og gjekk opp krattet til Brennhøa. Deretter gjekk vi over Raudgrovhaugane og inn at på råket til Storkvelvbua.
Raudgrovtjønnfjellet
På Storkvelvbua åt vi middag før vi gjekk i vegen på ein kveldstur. Topp-målet for heile turen var at Kristine skulle få topper på Sør-Fron pf100-lista og Gausdal pf50-lista. Derfor tykte vi det var greitt å få med Raudgrovtjønnfjellet når vi først var i nærleiken. Vi starta kveldsturen om lag halv ni, og det vart ein fin liten tur opp. Oppe på Raudgrovtjønnfjellet satt vi ei god stund og såg på utsikta, før vi bygde ein toppvarde. Nede at på Storkvelvbua fekk vi eit 10-mannsrom for oss sjølve.
Bilder frå turane
Turen til Storkvelvbua
Turen til Raudgrovtjønnfjellet
User comments