Nagatjødnane og Revafjellet frå Liarvatnet (13.07.2018)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Revafjellet (728m) 13.07.2018

Dette skulle eigentleg vera ein liten ekspedisjon til Svartavassknuten om Nagatjødnane og Øyavatnet, men lågt skydekke gjorde at planane ikkje let seg gjennomføra. Det blei likevel ein fin rekognoseringstur til innanfor Store Nagatjødna der eg aldri hadde vore før. Gjekk inn Småsildalen og opp til Nagaheia på sørsida, så ned til Nagahytta og på kupert sti langs tjødna. Tok ein god pause her inne, og såg tidvis toppen av Svartavassknuten, men krevande terreng og ingen GPS gjorde at eg valde å snu. Men frå det eg kunne sjå, må ei bestigning frå denne sida takast nedanfrå dalen mot Øyavatnet. Eit alternativ er å gå ned frå høgda ved Naganibba og Krokavatnet.

Skodde over Store Nagatjødna
Skodde over Store Nagatjødna
Øyavatnet med Kvelven til høgre
Øyavatnet med Kvelven til høgre
Mot Svartavassknuten
Mot Svartavassknuten
Nagahytta ved Litle Nagatjødna med Krossfjellet bak til høgre
Nagahytta ved Litle Nagatjødna med Krossfjellet bak til høgre

Returen gjekk heim over Revafjellet og ned Lågalia. Såg eit lomapar, truleg smålom, i Holtjødna og skremde opp ein orrhane like nedanfor. Var heldig med sikten over Revafjellet, der det var klart og fint, for skydekket ellers vart liggande oppunder 700moh det meste av dagen.

På Revafjellet med vesttoppen dominerande
På Revafjellet med vesttoppen dominerande

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.