Surnadal: Durmålshaugen (13.07.2018)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Solem (25m)
Endpunkt Solem (25m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 45min
Entfernung 7,2km
Höhenmeter 537m
GPS
Besteigungen Durmålshaugen (541m) 13.07.2018

Møre og Romsdal pf 100 1140/1161

Parkerte på Solem etter tilvisning frå bonden sjølv. Det er merka parkering Solemsetra, men denne var blokkert av eit gruslass. Stikk-ut post på setra, så populær tur dette. Veit ikkje om parkeringslommen registrert her er meininga å bruke, vi kjøyrde iallefall ikkje opp der med bubilen. No var han bonden så triveleg og pratesjuk at det tok tid å komme seg avgarde. Eg har erfaringar frå landbruk, derfor blir det ofte slik. Mjølkekvote, sommarmjølk, rovdyrtap, avlingar osv osv. Det er uendeleg med tema å gripe fatt i. Flott utsiktspunkt, kasse og bok, benk og blåbær på setra. Så vart det utan sti mot Durmålshaugen, men lett å finne fram. På toppen var det heilt nyleg lagt ut boks med nokre ark i. 2 namn innskrive, truleg lokalfolk. På returen møtte vi ein hoggorm rett ovapå setra. Vinjar syntest dette var spennande. Så møtte vi mora til bonden på vei oppover, ei ivrig trimdame. Det var veldig mykje hoggorom i området kunne ho bekrefte. Fin lett familietur på ein litt grå dag. Skodda hang godt nedpå men vi slapp den på denne høgda her.

På Solemsfjellet/Durmålshaugen
På Solemsfjellet/Durmålshaugen
Blåbær på Solemssetra
Blåbær på Solemssetra
Utsikt og benk. Godt besøkt
Utsikt og benk. Godt besøkt
Solemssetra
Solemssetra

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.