Surnadal: Trollhøtta svært utvida versjon med telt (11.07.2018)  6

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Kvennrotmyran (185m)
Endpoint Kvennrotmyran (185m)
Characteristic Hillwalk
Duration 30h 04min
Distance 45.4km
Vertical meters 4,459m
GPS
Ascents Botnnebba (1,284m) 10.07.2018
Brokkelnebba (949m) 10.07.2018
Litlnebba (1,246m) 10.07.2018
Rognnebba (1,497m) 10.07.2018
Skarfjellet (944m) 10.07.2018
Snøfjellet (1,009m) 10.07.2018
Sæterknobben (993m) 10.07.2018
Trollhøtta (1,328m) 10.07.2018
Trollhøtta (1,299m) 10.07.2018
Midtre Trollhøtta (1,272m) 10.07.2018
Trollhøtta NV (1,291m) 10.07.2018
Blånebba (1,422m) 11.07.2018
Indre Fauskånebba (1,325m) 11.07.2018
Fruhøtta (1,435m) 11.07.2018
Pekhøtta (1,396m) 11.07.2018
Pekhøtta Øst (1,187m) 11.07.2018

Møre og Romsdal pf 100 1139/1161
Har grubla litt på denne runda, med lett overnattingsutstyr. 2 kjempedagar var meldt på yr og det var berre å knalle til. Telt, sovepose, underlag (tilsaman ca 2 kg), gassboks og brennar + litt ekstra mat. Vil tru sekken blir 3,5-4 kg tyngre enn eg vanlegvis går med. Det er til å leve med.

Parkerte ved veidele og parkeringsplass på Kvennrotmyran. Heilt ok å starte her sidan eg ville komme ned på austsida av elva. No er det rute til Trollhøtta lenger inne i dalen. Eg ville starte med Brokkelnebba, og då var stien mot Snøfjellet det naturlege valget. Denne stien fann eg bak gjerdet vestafor Mellingsætra. Den er godt merka og enkel å følgje oppover lia. Litt hamrar og orientere seg mellom ned frå Brokkelnebba og Snøfjellet. Det som overraska meg mest idag var at eg ikkje såg folk. Trudde denne Trollhøtta var godt besøkt, men forhåpentlegvis ikkje i Romsdaleggen/Urkeegga-klassen. Traversen kan vel kallast ei egg mellom 1291 og 1299, vidare vil eg kalle det ein rygg. Eit parti med litt klyving mellom desse to toppane, godt dokumentert av fleire andre. Ein går til høgre forbi hammaren og klyvrar opp eit kort parti. Gode tak for både armar og bein. Frå Trollhøtta gjekk eg ned i Nordåbotnen der eg telta ved 906-vatnet. Dagen var ennå ung så då vart det kveldstur til Botnnebba, Rognnebba og Litlnebba. Hadde vurdert å gå nordom Rognnebba på retur, men etter studier av kart og terreng valgte eg sørsida. Det fungerte heilt fint, sjølv om eg vart pressa ned 100 høgdemeter som måtte vinnast igjen opp til skaret. Så var det Real til middag ispedd ein halv pose potetmos for å få nok mat. Bra triks! Kjempedag, soveposen next!

Vakna til nok ein kjempedag. Ny Real + potetmos til frokost. Sette igjen sekken aust for 1187-toppen og rusla til Fruhøtta. Så over 1187 og opp ryggen til Pekhøtta. Droppa nordtoppen og gjekk ned ei lei ur og opp til Blånebba. Herifrå fann eg varding ned til skaret mot Fauskånebba. Sidan eg fann varding her var eg positiv til å gå ned nord for Blånebbvatnet og Styggåa. Det var ein kjempetabbe! Eg skulle tatt med sekken over Indre Fauskånebba og fulgt fjellet ned slik Lise gjorde eit par dagar seinare. https://peakbook.org/tour/268516/S%C3%B8y%C3%A5dalen+rundt+m.+Trollh%C3%B8ttatraversen+pluss+pluss.html Istadenfor dette vart det å bryte seg ned ei helsikes bukkemark. Fann ikkje stien. Kom ned på stien i dalen berre 20 meter frå skiltet til Blånebba. Ubegripeleg. Korleis kan ein finne denne ovafrå? Uansett, litt bukkemark øydelegg ikkje ein slik kjempetur. Godt å rusle ned veien til bilen igjen i ein enorm varme.

Fruhøtta
Fruhøtta
Snota
Snota
Neådalssnota
Neådalssnota

User comments

  • -
    avatar

    Trollhøtta rundt.

    Written by BjørnF 11.07.2018 22:19

    Det var runden sin det Ove. Blir artig å lese rapporten.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.