Skitur til Vådlandsknuten (21.12.2011)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Vådlandsknuten (811m) 21.12.2011

Snørik førjulsvinter og gjekk på ski frå Madland i 10 cm nysnø som aukte gradvis på oppover. Forbi den øverste parkeringsplassen var det 30-40 cm gammal snø med ca 20 cm nysnø oppå så skiføret var jo veldig bra men litt tungt pga nysnøen. Gjekk over Fisketjørnane og nysnøen hadde lagt seg på isen som bestod av 2-3 cm sorpeis over 20-30 cm sorpesnø med 3-4 cm is under der igjen. Ikkje akkurat veldig trygg is så haldt relativt nær land. Lite overvatn men fekk såpass kladder under skia at det gav godt feste dei drøyt 300 hm videre opp til toppen. Skreiv meg inn i boka som nr 238 i år.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.