Frå Menes til Melsnipa i Balestrand (07.07.2018)

Written by Argok54 (Arnold Goksøyr)

Map
Ascents Melsnipa (1,547m) 07.07.2018

Turen frå Menes i Balestrand heile vegen til Melsnipa og ned Grøndalen til foten av Gaularfjellet er spektakulær, men ganske hard og slett ikkje ufarleg. På grunn av nokre ganske bratte parti er det ikkje tilrådeleg å gå der i regnver når berget vert glatt. Vi skulle eigentleg gå han i fjor, men på grunn av dårleg ver, dårleg tid og sikkert dårleg planlegging også, så vart han utsett til i år til sterke protestar frå Tor og lang furting. Helga som vart peikt ut vart heilt perfekt bortsett frå at Yr.no påstod at det skulle vere 0 grader på Harevollnipa om natta og krype opp til berre 5 gr. på føremiddagen. Vottar og strikkelue kom difor ned i sekken saman med ein tjukk ullgenser. Akkurat det vart heilt unødvendig, men kopp, rødsprit, kokeutstyr og kaffi blei veldig godt. Og så hugsa vi til og med fyrstikker. Kikkert hadde også vore gøy, men han vart vurdert til å vere for tung. Tor gløymde å lade mobilen og pulsklokka si, Eirik burde ha teke med eit par krykker og Snusen burde hatt sko eller noko slags pote-beskyttarar, men det hadde vi ikkje forstand til å føresjå.
Klokka 07.10 for vi ut døra heime, køyrde to bilar og sette att den eine der stien frå Grøndalen kjem ned, og køyrde den andre til Menes. Klokka var då ganske nøyaktig 08:00. Det var lett å finne stien opp til Menesstølen som ligg på ca. 800 meter. Det var ikkje vanskeleg terreng, men eg er delvis samd med Eirik som klaga over at første etappe er alltid den tyngste. Det skulle vise seg at han måtte bite i seg den påstanden. Menesstølen er velhalden og ligg fint til viss ein snur ryggen til nokre stygge høgspent master. Første rast med fotografering, banan og ein kjempegod kvikk lunch. Alt under kontroll til no, men så møtte vi ei olm søye med to lam. Med brøling og breking som sikkert inneheldt dei aller styggaste skjellsorda som finns på sauespråket, gjekk ho til angrep på den heilt uskuldige Snusen med tydeleg planar om å gi han ein omgang juling som han aldri ville gløyme. Heldigvis greip Tor resolutt inn og sette ein effektiv stopp for toskeskapet. Slukøra trekte ho seg tilbake, men ho slengde dritt etter oss når vi gjekk vidare.

Menesstølen
Menesstølen

Det går ein god sti vidare langs Meneseggi med ei slakk stiging frå 969 m og til 1245 m. Eg er ikkje heilt sikker på kvar denne egga sluttar og kva tid elendigheiten startar, men frå Harevollnipa på 1299 m er det ingen søndagstur lenger.

Harevollnipa er 1299 meter og er den første utfordringa.
Harevollnipa er 1299 meter og er den første utfordringa.
Å kome seg på toppen var ikkje vanskeleg, men vidare ned på den andre sida var helst utriveleg. I tråd med det vi hadde lese oss til og høyrt frå kjentfolk gjekk vi rundt nipa på sida mot Vetlefjorden eit stykke nedanfor toppen. Gudskjelov var det tørt, men det var så mykje laus småstein og jord at eg ville ikkje ha gått der i regnvêr. Lukka er ofte betre enn forstanden, heiter det, og vi kom oss forbi. Deretter var det slett ikkje vanskeleg å finne stien. Det var i grunnen berre ein sti og eit alternativ.

Alle andre stiar er for sjølvmordarar.

Så gjekk det noko nedover eit stykke til rundt 1250 m for deretter å gå bratt opp på Hardbakk på 1370 m. Vi skjøna godt namnevalet for det var knallhardt å kome seg opp. Attpåtil fekk vi ein heftig diskusjon om toppen var Hardbakk eller om det berre var ein forsmak på det, og om kva som er best av å ha ei optimistisk (og urealistisk) innstilling til livet eller eit pessimistisk (og meir realistisk) syn. Tor hevda det siste og at Hardbakk kom seinare, men eg klamra meg til det første. Eirik prøvde å mekle og Snusen heldt klokeleg kjeft.

Stemninga vart fort bra igjen sidan vi la inn ein matpause, men var samde om at vi fekk vente med kaffi og varmmat i alle fall til Saueeggi på 1437 m.


Eg fekk høve til å studere nøye kart og slikt og kunne legge fram eit kompromissforslag om Hardbakk: på www.kartverket.no er ei lang strekning avmerkt som Hardbakk. Ho ligg på mellom 1302 og 1370 høgdemeter. Dersom vi såg ein snøbre til høgre mot Fjærlandsfjorden på neste topp, så var den Saueeggi. Viss ikkje så hadde Tor rett at det var Hardbakk og då ville det vere framleis veldig langt att. Eg trur Eirik var samd med meg, men Snusen var framleis den klokaste og heldt kjeft.

Klokka byrja gå mot 3, eg merka at eg glei meir og hadde dårlegare balanse. Typiske teikn på at ein bør kvile og få seg mat. Det var bratt og steinete opp til neste topp og nesten ikkje vegetasjon, men frå toppen såg vi ein diger snøbre på høgre sida. Vi var på Saueeggi! Det var berre ca. 2 km att til Melsnipa.

Tor og Eirik fekk seg frysetørka storfekjøt direkte frå posen, men eg takk nei til den frysetørka laksen Tor hadde kjøpt til meg. Eg likar slett ikkje oppdrettslaks og endå mindre frysetørka. Muligens vart det sagt på ein uhøfleg måte for han vart ganske trist og eg måtte be om orsaking etter at eg hadde fått tenkt meg om ei stund. Brødskiver, banan og kvikk lunsj smakte himmelsk og kaffien var også ganske god. Snusen var i stålande humør og slafsa i seg frysetørka kumagar og hundepate. Neste topp var Trollkyrkja på 1502 m, men Berre Tor gjekk opp på denne. Eirik, Snusen og eg gjekk over ein snøbre og rett mot Melsnipa. Trollkyrkja viste seg å vere ei oppleving, ei ‘mini-Trolltunge’ som Tor kalla det. Rett ned fleire hundre meter på tre sider. Melsnipa var fantastisk med enorm utsikt til alle kantar frå 1545 m,

Euforisk stemning på Melsnipa
Euforisk stemning på Melsnipa

men opplevinga var ikkje så stor som eg trudde. Slitet tok nok på oss alle saman, og over ein ny snøbre ned frå Melsnipa mot vatnet på ca. 1200 m, viste det seg at alle fire beina til Snusen var elendige. Han blødde frå potane og klarde ikkje å gå på steinane. Det vart til at Eirik og eg tok det Tor hadde på ryggen og Snusen fekk plass i sekken i staden. Eg trur sjølvkjensla hans fekk ein alvorleg knekk då, men han protesterte ikkje.

Snusen i sekken. Legg merke til uttrykket. Dette var nok eit nederlag for han.
Snusen i sekken. Legg merke til uttrykket. Dette var nok eit nederlag for han.

Så kom vi oss over eit vatn og gjennom lause steinurer til toppen av Grøndalen. Eg kunne ikkje skjøne kvifor det lukta slik sprit der oppe. Reisedram hadde vore heilt uaktuelt å ta med så kanskje eg hadde fått luktehallusinasjonar. Ikkje bra. Det viste seg å vere rødspriten til kokeapparatet som hadde hamna opp ned i min sekk og den tunge ullgenseren min var blitt endå tyngre og dynka i sprit. Bra eg ikkje var hallusinert. Grøndalen er flott, men bratt. Delvis grasmark og delvis steinur og nokre elvar ein må over. Heldigvis hadde langvarig tørke gjort det til ei enkel sak, men unnabakken vart bana for Eirik sine kne. Gudskjelov at eg hadde med ein par solide støttebandasjar som var litt hjelp i. Hadde han berre vore smart nok til å ta med krykkjer! Turen ned til stølen som ligg på knapt 800 m gjekk noko sakte, men alle fire kom seg ned og Snusen insisterte på å gå sjølv. Derifrå er det ein dryg sti ned til sivilisasjonen igjen. Tor tok sekken til Eirik tross eit kne som tok til å krangle hos han også. Merkeleg nok klarde eg meg fint, men eg kjende det godt i lårmusklane. Halvvegs nede gleid eg på noko laus grus på stien. Beina forsvann under meg og eg fauk utfor stien på nedsida og ned i krattet. Griseflaks at eg klarde å gripe tak i ei grein i svevet elles hadde eg hamna eit stykke ned i skråninga og slege meg skikkeleg. Bilen stod der vi hadde sett han og eg hadde også vore så smart å ta med begge bilnøklane og ikkje la desse ligge att i den andre bilen vi hadde på Menes. Då måtte vi gå ca. 2 mil tilbake til Menes for å hente bilen og eg hadde vorte mobba for flausa resten av livet. Fellesbiletet vi skulle ta av oss med sjølvutløysar på kameraet mitt vart berre tull, men det var like greitt. Vi såg sikkert ikkje særleg presentable ut. Dette var den femte fjellturen vi har hatt saman og vi var samde om at det hadde vore den beste. Pizza og Prosecco til kveldsmat.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.