Kyrkja frå Leirvassbu (29.06.2018)  5

Written by KnutStorvik (Knut Storvik)

Start point Leirvassbu (1,403m)
Endpoint Leirvassbu (2,032m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 00min
Distance 8.0km
Vertical meters 629m
Map
Ascents Kyrkja (2,032m) 29.06.2018

Å sjå på Kyrkja frå Leirvassbu er ein mektig opplevelse. Turen er dog ikkje så vanskeleg, og treng heller ikkje ta så lang tid.

Kyrkja ruver bra sett frå Leirvassbu
Kyrkja ruver bra sett frå Leirvassbu

Frå Leirvassbu går ein vegen sørover og snur etterkvart mot aust. Da vi gjekk kunne vi gå på snøen store deler både opp og ned, og det var godt iallfall ned. Vel oppe på 1.755 meter over havet, rett sør for eggen opp til Kyrkja tok vi ei god pause før den delvis bratte oppstigninga opp mot Kyrkja starta.

Vi fulgte snøen både opp og ned
Vi fulgte snøen både opp og ned
Ruta følger vegen frå Leirvassbu før ein snur mot aust og går opp sørryggen opp mot toppen av Kyrkja. Utsikten på heile turen er fantastisk
Ruta følger vegen frå Leirvassbu før ein snur mot aust og går opp sørryggen opp mot toppen av Kyrkja. Utsikten på heile turen er fantastisk

Oppstigninga består av to delvis parti der ein må klyve, men dei aller fleste klarer dette. Utsikta frå Kyrkja er enorm, og mestringsfølelsen er god. Eg har vore på toppen opptil fleire gongar, og eg har møtt på alt frå små ungar til eldre folk. Dette er ein tur som passar for dei fleste, og dersom det blir for bratt er det berre å snu og vente på dei som går opp til toppen.

Vi brukte fem timar tur retur frå Leirvassbu.

Opp mot Kyrkja er det delvis noko klyving, men ikkje noko svært utfordrande.
Opp mot Kyrkja er det delvis noko klyving, men ikkje noko svært utfordrande.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.