Holmanuten - Røldal (30.06.2018)

Written by Tkleppa (Torborg Kleppa)

Map
Ascents Holmanuten (1,399m) 30.06.2018

Dette var ein flott tur. Ikkje så lang, men gjennom grøne fjellbeite, forbi små vatn og opp i høgda med utsikt til Røldalsbygda.
Me starta ved vegen over Saudafjellet ved ei sankehytte som ligg på sørsida av vegen omlag ein 1 km vest for Ekkjetjødna.
Her gjekk me ned dalføret mot sørvest i retning Vasstølen. På høgda før ein start nedover mot Vasstølen tok me av stien og gjekk rett opp bakken mot Holmanuten. På oppturen gjekk me rundt sjølve nuten og fekk med oss utsikten mot Bratlandsdalen og Breifonn. Oppe på toppen hadde me flott utsikt mot Røldalsbygda og mot nord såg med Tindane, Kyrkjenuten og ikkje minst Folgefonna. Me gjekk ned eit skar på vestsida av nuten og tilbake til utgagnspunktet.
Denne turen er det nok ikkje så mange som går, men den kan anbefalast.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.