Surnadalsk dobbel del 2: Strengen (05.07.2018)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Hike
Duration 1h 29min
Distance 7.1km
Vertical meters 735m
GPS
Ascents Strengen (890m) 05.07.2018 12:10

Etter Honnstadknyken såg eg mitt snitt til å snike inn ein bonus pf>500, nemlig Strengen. Det skulle vere overkomelig innan barnehagen stengde og barnevernet banka på døra.

Parkerte litt feil og fekk meg nokon ekstra høgdemeter. Deretter sti gjennom hogstfelt, skogsvegar og litt diverse. Kjende godt at det var dagens andre, og her var det jamn stigning. Vi fikk berre gi på. Varmt som pesten, men høgdemetera kom i det minste fort.

På toppen var det nok ei fantastisk utsikt over Trollheimen, Innerdal-, Sunndal- og Romsdalsfjell. Særlig Innerdalsfjella bli eg ikkje mett på - frittståande og mektige! Særlig artig med Skarfjell der eg klatra sørøsthjørnet i fjord.

Kjapt nedatt medan eg prøvde og holde krampa på avstand. Den kom i fullt monn då eg svinga av til Coopen på Rindalsskogen. Berre så vidt eg klara å traktere clutchen. Eg skulle kjøpe fersk persille for å swinge opp med eggesmør til middag. Det hadde dei ikkje, men til gjengjeld hadde dei tilbod på sjokomelk - to for ein. Her har det skjønt det!

I barnehagen kvart på 4. Det var jo god margin! Neste gong rekk vi kanskje enda ein topp?

Dette altså! Sula-toppane og Innerdalsfjella over Todalsfjorden.
Dette altså! Sula-toppane og Innerdalsfjella over Todalsfjorden.
Start date 05.07.2018 12:09
(UTC+01:00 DST)
End date 05.07.2018 13:38
(UTC+01:00 DST)
Total Time 1h 29min
Moving Time 1h 21min
Stopped Time 0h 8min
Overall Average 4.8km/h
Moving Average 5.2km/h
Distance 7.1km
Vertical meters 734m

User comments

  • -
    avatar

    Sprekt..

    Written by BjørnF 06.07.2018 08:45

    ..å ta seg en snartur til Surndal`n og raske med seg to store pf-topper innenfor åpningstida i barnehagen. Strengenutsikten er jo topp. Neste gang kan du jo levere i barnehagen litt kjappere, kjøre litt fortere og sørge for at du har forsyninger i bilen så du slipper å stoppe. Da vil jeg tro at også rekker Nordviksula, men du må på Indre for å få stor pf. Krampe er noe shitt.

    • -
      avatar

      Sv: Sprekt..

      Written by kobbenes 06.07.2018 08:55

      hehe, i min posisjon må ein utnytte dagane godt :-) Men då er krampe prisen for mange høgdemeter på sviktande treningsgrunnlag. veldig flotte utsiktstoppar begge to, så dette var kjekt! nydelig område, eg byrjar å bli skummelt glad i nordmøre til å vere sunnmøring.

      Sula ja. Eg var på Nordviksula i påska, men sidan vi var usikre på skredforholda så prøvde vi ikkje på indre. Men Indre er veldig fin. Det gikk nokon tankar i den retning i går ja :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.