Urdadalsryggen fra Leirvassbu uten tau (01.07.2018)  5

Written by KnutStorvik (Knut Storvik)

Start point Leirvassbu (1,403m)
Endpoint Leirvassbu (1,403m)
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 30min
Distance 20.0km
Vertical meters 2,190m
Map
Ascents Midtre Urdadalstinden (2,060m) 01.07.2018
Raudbergspinakkel nord for Midtre Urdadalstinden (2,020m) 01.07.2018
Urdadalstinden S1 (2,032m) 01.07.2018
Urdadalstinden S2 (2,005m) 01.07.2018
Store Urdadalstinden (2,116m) 01.07.2018
Vesle Urdadalstinden (2,010m) 01.07.2018

Vi startet fra Leirvassbu og planen var Urdadalsryggen uten tau og sikring. Mens eg har lite klatreerfaring hadde turkompisen atskillig meir, men denne turen kan dei aller fleste klare med noenlunde god fysisk form, normal kroppsbeherskelse og ikkje være redd for luftige parti. Denne dagen var det tørt og fint, og turen kan nok bli ekstra utfordrende ved regn eller glatte partier. Det er også enklest å gå frå nord til sør (eg er veldig glad for at vi gjorde det iallfall).

På DNT-stien inn mot Spiterstulen og Store Urdadalstinden til venstre i bildet.
På DNT-stien inn mot Spiterstulen og Store Urdadalstinden til venstre i bildet.
[[image:KnutStorvik_20180704_5b3d3baf62e69.jpg
[[image:KnutStorvik_20180704_5b3d3baf62e69.jpg

|medium|center]]

Vi startet med å gå innover DNT-stien mot Spiterstulen. Vi hadde bestemt oss på forhånd å prøve å skjære opp kortest veg mot Store Urdadalstinden, og det klarte vi fint ein plass mellom Store og Midtre Urdadalstinden. Det er ein del laus stein oppover fjellsida, så pass litt på. Det er ein god del høgdemetre som skal bestiges opp, så det er berre å ta nok med pauser.

Etterkvart nærma vi oss toppen av Store Urdadalstinden, og vi kunne sjå heile ryggeggen bortover. Dessverre gløymde vi 2.000-meterstoppen "nord for Store Urdadalstinden (2.115 moh), så vi må nok ein gong til på denne toppen for å samle den. Ikkje gløym den!

Store Urdadalstinden i bakgrunnen. Ryggen bød på flere luftige partier enn vi trodde på forhånd - morsomme sådan.
Store Urdadalstinden i bakgrunnen. Ryggen bød på flere luftige partier enn vi trodde på forhånd - morsomme sådan.

Med tankane våre på neste ryggtravers, Hellstuguryggen, som ein har rimelig god utsikt til frå Store Urdadalstinden, startet vi på turen over Urdadalsryggen. Det er fleire artige og luftige partiar, og med god tid og ikkje noko stress er det berre å bevege seg bortover. Vi var førebudd på at det vanskeligste punktet skulle vere mellom Midtre Urdadalstinden og Urdadalstinden S1 og det stemte! Det vi ikkje var klar over var at det var fleire artige, og delvis luftige partiar bortover ryggen. Ikkje at det var direkte skummelt, men fleire gongar bortover dunka hjertet mitt raskere. Som regel var det gode tak bortover, og eg følte aldri at eg ikkje hadde kontroll over situasjonen - hadde det derimot vore glatt bortover ryggen kunne nok utfordringane vorte for vanskelig for egen del.

Oppe på "raudhammeren" med rimelig luftig utsikt der vi kom fra nord
Oppe på "raudhammeren" med rimelig luftig utsikt der vi kom fra nord

Da vi passerte Midtre Urdadalstinden ante vi fort korleis den vanskeligste utfordringa vår ville bli - ein ti meter høg vegg venta oss. Vi hadde ikkje tau eller sikring, så dette måtte vi ta på egen hånd. Heldigvis klatra vi oppover, og det skulle vise seg at det var gode tak. Heldigvis var det heller ikkje luftig på kvar side, men det var berre ned vi måtte bekymre oss over. Eit fall her kan sjølvsagt få fatale konsekvenser. Innledningsvis sa eg at eg har svært lite erfaring frå klatring, men med god instruks frå min meir erfarne turkompis gjekk klatringa overraskande bra! Mitt råd er å ikkje ha det travelt, men heller konsentrere seg om å finne gode tak og ta eit steg om gangen.

Her er det mest utfordrende partiet. Vi valgte å klatre opp til venstre der vis er turkompisen. Det så også ut som om det gikk an å klatre opp til høyre. Det var gode tak oppover.
Her er det mest utfordrende partiet. Vi valgte å klatre opp til venstre der vis er turkompisen. Det så også ut som om det gikk an å klatre opp til høyre. Det var gode tak oppover.

Da vi kom opp var det stor jubel sidan dette var det mest utfordrande punktet. Både før og etter dette punktet er det luftig klyving, men det gjekk relativt greit. Da vi kom til Søre Urdadalstinden gjekk vi litt ned før vi fant ei snørenne som gjekk nesten heilt ned til Semelholstjønne. Det var vi glade for.

Ser du trollet? Sagnet skal ha det til at troll hadde et kappløp opp fjellet, men dette trollet rakk ikke å komme seg i skjul før sola sto opp.....
Ser du trollet? Sagnet skal ha det til at troll hadde et kappløp opp fjellet, men dette trollet rakk ikke å komme seg i skjul før sola sto opp.....
Vi fant en fin snørenne som vi gjekk på ned til Semelholstjønne.
Vi fant en fin snørenne som vi gjekk på ned til Semelholstjønne.

Turen tilbake til Leirvassbu var ei blanding av stein og god sti, og er ei relativ lang distanse. Likevel var gleda over ein utruleg flott tur og forventningar til kveldens middag svært motiverande!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.