Topptur til Ljøsheim (15.12.2011)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Map
Ascents Ljøsheim (884m) 15.12.2011

Om dette var ein strabasiøs og hard topptur, kan diskuterast. Denne toppen ligg i eit hyttefelt, med køyrbar veg til topps. Berre ein litt dårleg brøyta hytteveg hindra Berlingo i å nå sin topp nr 2. Dermed måtte eg gå åleine dei siste 200 meter til topps, medan Berlingo venta tolmodig i 10 minutt. Ei hytte er plassert oppå det som ser ut til å vere øvste punkt, ein rimeleg påkosta toppvarde med andre ord!

Skodde her oppe denne dagen. For at andre enn Berlingo skulle få trim i dag, tok eg meg ein skitur i ei delvis nedsnødd løype, og fekk dermed notert meg 6 km. Turen gjekk langs vatnet Grunna.

Av alle toppar eg har vore på, var det faktisk denne - litt beskjedne - toppen som skulle få æra av å bli min topp nr 250.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.