Mælefjell (24.06.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 5h 17min
Distance 13.5km
Vertical meters 794m
GPS
Ascents Mælefjell (1,413m) 24.06.2018 17:58
Visits of other PBEs Slåkådalen P-plass (735m) 24.06.2018 14:54
På veg opp til Mælefjell
På veg opp til Mælefjell

Telemarkstur med Kristine. Vi drog frå Hamar sundag morgon til Sauland i Telemark, med kort rast i Kongsberg undervegs. Frå Sauland køyrde vi bomvegen inn Slåkådalen. Vi satt opp teltet på parkeringsplassen før vi gjekk i veg på tur. Målet for turen var Mælefjell. Vi hadde sett på ein rapport at det øvre råket som er teikna inn på kartet ikkje eksisterer, så vi gjekk det nedre råket. Med unntak av eit lite parti etter ei seter, var råket greitt å følgje. Råket opp langs Londalsbekken var stort sett bra, men det var tungt vidare oppover til vatna på 1280moh. Vêret var ikkje så fint som det hadde vore før, og det bles ein del i høgda, så jakkene måtte på. På veg ned at så tok det av eit råk ganske tidleg ned langs Londalsbekken, som vi forsøkte å følgje. I skogen var råket fint å følgje, men over myrane forsvann det fort, men turen vart korta ned, og det var fint å gå.

På Mælefjell
På Mælefjell
På tur ned at. Utsikt utover Londalen mot Gaustadtoppen og Gyvrenuten
På tur ned at. Utsikt utover Londalen mot Gaustadtoppen og Gyvrenuten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.