Naganibba og Revafjellet frå Liarvatnet (16.06.2018)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Naganibba (747m) 16.06.2018
Revafjellet (728m) 16.06.2018
Visits of other PBEs Nagastølen (480m) 16.06.2018

Endå ein flott tur til Naganibba, som aldri skuffar. Valde å gå opp Lågalia og inn langs Svortingsvatnet, som er nokså lenge sidan. Må sei at eg hugsar kvifor; det er ein småkupert og ikkje spesielt god sti, og innanfor hytta ved neset er det tydelig liten trafikk og dessutan ganske vått.

Det finaste med å koma denne vegen, er at ein får med seg Nagastølen. Her har det ikkje vore mykje forandring i mine leveår, i alle fall. Gamle stokkar og gammalt bølgeblekk, og den same kvea under Nibba, malerisk og vakkert ovanom Svortingsvatnet. Passerte stølen etter snaue timen, og kom meg vidare opp på Nibba på 1 ¼ time. Vakkert rundskue som alltid; det må vera finaste utsiktstoppen i Strand. På veg ned bratta igjen fekk eg gleda over å høyra og sjå ein lom, truleg smålom, landa i Litle Nagatjødna. Det er velkjent at smålomen held til i området, så inga overrasking med det.

Valde retur over Revafjellet, og fekk med meg hovudtoppen og den vardesette sekundærtoppen vestanfor. 3 timar på tur, inkludert ein god drøs med ein likesinna på veg ned Lågalia.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.