Vinterlandet på Kvannebakknova - Jølster/Jostedalsbreen (20.06.2018)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Befring (587m)
Endpoint Befring (587m)
Characteristic Hike
Distance 12.2km
Vertical meters 1,089m
Map
Ascents Snoadvarden (1,520m) 20.06.2018

Regnbyger og rufsete ver nede i Jølstrabygda, med melisdryss på fjelltoppane! Då er det noko som seier meg at det kanskje er ein betre opplevelse i høgda. Så hender det seg at dragninga opp til breen blir så sterk, at det er berre å komme seg av gårde! Ferdig på jobb og eg plukka opp Knut (Min tango partner på Austanbotntinden) som ikkje er tung å be med opp på denne spesielle og vakre perla i Jølster.

Ein tango for to med siste lensmann i Jølster på Store Austanbotntinden 2204 moh etter ein fantastisk rundtur og klatretur på Autanbotntind traversen. 27.08.17
Ein tango for to med siste lensmann i Jølster på Store Austanbotntinden 2204 moh etter ein fantastisk rundtur og klatretur på Autanbotntind traversen. 27.08.17
Varden ved nødbua, har eg ofte undra meg over. Kven kan ha laga den og kvifor! Tilfeldig las eg i boka Jølster bygda og breen av Jarle Helgheim. Der sto svaret!

"Snoavarden på Kvannebakknova vart bygd 19. juli 1964 av engelskmannen John Snoad, Olav J. Befring og Norvald Befring. Sommaren 1963 kom den 29 år gamle Snoad ilag med ein kamerat over breen frå Flatbrehytta for å gå ned til Befring. Dei var ikkje kjende med nedgangen i Strupen, og prøvde å ta seg ned sør for Kvannebakknova. Dei sleppte ryggsekkene utføre, men måtte retunere opp att, og fann så nedgangen mot nord til Strupen.
Som Klaus Helberg skreiv til Snoad i 1973, vil namnet hans verte ståande som eit varig minne om ein engelskmann som ville vise andre vegen ned frå breen - som Slingsby og Bohr.
Redningshytta på Kvannebakknova vart bygd i august 1985 etter initiativ frå Kjetil Flatjord og Joar Eide, og seinare ombygd i 1993. Jølster breførarlag vart skipa 12. november 1992, for å ta opp att den gamle tradisjonen med breføring i Jølster, som meir eller mindre hadde lege nede i 30 år. "

Mot Strupen
Mot Strupen
Eit nydelig dalføre
Eit nydelig dalføre
Alltid eit fantastisk skue innover breen
Alltid eit fantastisk skue innover breen
Snoavarden
Snoavarden
Vinterlandet
Vinterlandet
Fantastisk lysspel i sånt ver!
Fantastisk lysspel i sånt ver!

Takk for strålande tur Knut Skurtveit

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.