Skagsnebb (22.04.2018)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Skagsnebb (2,003m) 22.04.2018
Bakarste Skagsnebb (2,093m) 22.04.2018
Skagsnebb V1 (1,965m) 22.04.2018
Skagsnebb Ø1 (2,003m) 22.04.2018

Siste dag av Peakbooktreffet var i gang og det var på tide å plukke eit turmål. Eg og Endre skulle på tur, men da Endre måtte levere leigebil i Bergen utpå kvelden måtte han dra frå parkeringsplassen seinast klokka to. Opprinnelege planen Gravdalstinden vart forkasta og vi landa på Skagsnebb som ein kjapp og enkel tur. Enkelte vil kanskje meine eg møtar meg sjølv i døra med tanke på min forrige turrapport Tundradalskyrkja , men eg er jo både ein kjekk og triveleg kar, så det er ikkje verste personen å møte.
Vi køyrte ned til Geitsætra og la i veg. Etter ein liten diskusjon med gruppa til kristoffergh88 (Kristoffer Günther Hansen) om meininga med livet sette mannen med treningsfeil tempostandarden. Dei fyrste firehundre høgdemetrane inn på Hurrbrean vart spist som forrett til frokost. Enda godt gutten ikkje var godt trent... Vi tok sikte på skaret mellom Framre og Bakre å trefte.
Det vart ei lita tolmodsprøve for Endre å dra med meg over ryggen ut til Framre. Da eg tidlegare ved eit par anledningar har virra rundt oppe på ryggen ut til Framre viste eg det var eit par litt bustate punkt utover. Anmoda difor Endre om hjelp med kameraet som ofte er noko i vegen ved den type terreng. "Ja sjølvsagt" var svaret før han lett og lendig spratt over fyrste problempunkt og forsvant. Takk for hjelpa tenkte eg og stavra meg vidare. Smått om sen stod vi på toppen og drøya ikkje lengje før vi gjekk laus på returen.
På plass att i skaret var det klart att både Bakre og parkeringsplass til klokka to var både teoretisk og praktisk umogleg. Avtala mi i Lom til klokka fire var fortsatt godt inna rekkevidde så eg meinte vi burde forsøke og Endre lot seg overtale. Vi fant fram steggjern før Endre brøyta seg veg ut i sørflanka. Fyrst over ei enkel snøflanke (lett for meg å seie som fekk ferdigtrakka spor) så over eit minimini galleri med lite snø før ei ny stutt flanke. Vi runda oppover innunder nokre bergpaller og kom til ei ny og litt brattare flanke. Vi kryssa den, tok oss opp eit minimalt klivepunkt før vi kunne konstatere at det flata ut og vi var oppe. Møtte gruppa til Þróndeimr (Christian Nesset) på toppen og veksla eit par ord med dei før vi returnerte. Endre jogga i forvegen nedover mens eg kom vaklande etter. Kjapp ompakk før vi venda skituppane nedover.
Returen gjekk lynkjapt, berre avbrutt av eit par fotoseansar og vi var båe einige om at snøen, i Gudbrandsdalmålestokk, var heilt grei. Antakinga om at vi ikkje ville rekke både Bakre og parkeringa til klokka to viste seg å halde mål, så nesten ein time forsinka kunne Endres leigebil rulle nedover dalen. Han klaga dog ikkje da han fekk belønninga, fritt plukk frå ein heil ask smekkfull av bakverk frå ei eller anna tilfeldig forretning i Lom.

Eit lite apropo angåande det å møte seg sjølv i døra, det kan jo være litt greitt å velja rett turdag da... :)
Eit lite apropo angåande det å møte seg sjølv i døra, det kan jo være litt greitt å velja rett turdag da... :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.