Romsskåla, Leka (17.06.2018)

Written by Elementmannen

Duration 2h 01min
Distance 6.6km
Vertical meters 554m
GPS
Ascents Romsskåla (588m) 17.06.2018 10:33
Visits of other PBEs Romsskåla P-lomme (40m) 17.06.2018 09:26
17.06.18 Romsskåla, Leka
Ny natt på Terråk Gjestegard, ba om frukost 0730 og hadde ambisjonar om både Rommskåla og Vattafjellet (Vikna) før flyet 1350 til Trondheim og Bergen. Tett, men med fin kropp og god flyt skulle det kunne gå. Estimatet var 2 timar frå Rørvik t/r Vattafjellet for å kunne rekke det.
Det rauk tidleg…
Litt sein avgang, måtte snakke litt om Rewenzori – fjella i Uganda med verten på gjestegarden++ og med stengt veg frå Bogen til Kolvereid (steinras, stod intet om opningsdato) måtte eg berre ha fokus på 1 topp og rekke flyet. Dog med betre tid.
Så starta frå Mølnåsen P-plass som andre og var ekstra var dei krevande punkta å sjå merkinga oppover (takk til andre som har kommentetert dette). Gjekk åkke som på to små ute-av-sti smellar, men kostnaden var lav då ein såg vegen mot toppen heile tida. Beina var betre i dag enn i går, men koste meg med betre tid til marihøne-fotografering og andre krumspring. Det blåste godt mot toppen så pakka med betre inn og kom opp 1t 06min etter start. Kjempe utsikt mot sjølve Leka, 7 søstre, Lovund, Heilhornet, osv. Styrte på med bilete og registering i boka og rusla så ned att på mosen som er betre demping i ein steinryggen. Kom ned etter ca. 2 timar og såg at det var perfekt timing med køyring rundt og rekke flyet med ok margin. Så får Vattafjellet vente, no er det heim og legge golv/gjere klart huset til innflytting.
  1. Nachos på Værnes

Ps. Ta ein tur til Leka om du har tid, eg er eigentleg motstandard av å berre ta toppen utan å lære noko om kommunen. Det går ferje støtt og stadig og mykje bra overnatting der ute.
-Dagens dyr: Marihøne og falk eller hauk

<gallery>

image:Elementmannen_20180617_5b2699a67e966.jpg
image:Elementmannen_20180617_5b2699aaa3d46.jpg
</gallery>

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.