Fuglstadfjellet, Nærøy (16.06.2018)

Written by Elementmannen

Duration 4h 25min
Distance 11.1km
Vertical meters 881m
GPS
Ascents Fuglstadfjellet (873m) 16.06.2018 12:24
Visits of other PBEs Lonfossen P-lomme (35m) 16.06.2018 09:57

Morgonflyet fraa Bergen og full jobbdag i Kolvereid satt grunnlag for val av topp. I tillegg var det ein del vind i fjellet saa koyrde fylkesveg 17 til Øyvatnet på ca. 1 time. Fann omtalte parkeringslomme ved ‘stengt’ – skilt, her stod det også ein liten gravmaskin.
Pakka lett og labba oppover i godt tempo tross bratta. Brått skilte noko seg ut i konturane, ein av tidenes mest uroa elgkalvar stod og skua mennesket som pesa opp lyngen. Eg skua attende ein 10 minutt får vi kvar gjekk til vårt. For min del var det ut i mykje trekkspelterreng, men relativt ok å ta seg fram i. Passerte rett nord for punkt 450 og opp vidare mot det eg trudde var ei fin flate mot toppen. Det viste seg å vere meir trekkspel og litt lenger enn formoda, kom opp på toppen 1t 17min etter start inkl elg og rype og sommarfuglstopp.
På toppen var det passe vindfullt og surt, men med flott utsikt og regnboge etter kvart. Eg tok ein «skråli»-vegval ned att, ref sporing som gav mykje mindre trekkspel, men ein del skar og litt bjørkekvist så vart tidsmessig Erling Jevne. Men ein meir behageleg nedfart var det kanskje med mykje myr på slutten. På slutten slapp eg tak i kart og kompass og satsa på å treffe Jakobengsætra på «gefyl» men drog for langt nord og traff vegen i stengt område. Rusla så att til bilen og køyrde mot Terråk Gjestegård for lova spareribs og planlagt langtur dagen derpå.
Grønkleppen minnast kanskje ikkje i all eve, men ein fin og fuktig tur vart det.

Dagens dyr: Elg og rype
Tid opp 1t 17min
Total tid 2t 22min

Oppvakninga på Terråk Gjestegård var strålande. God natt søvn, ingen styr og god frukost. Eg sov lenge etter lang, styrete dag i går så var ikkje på plass i Åbygda og Lonfossen P-plass før kl. 0950. Såg berre tyske fiskebilar så spurte ingen om å få køyre inn tross skiltet (som fleire andre har stadfesta er ok).
Tross veldig nær Trøndelag skulle det vise seg at det ikkje var «min dag i dag». Planen var dobbeltopp, men Fuglstadfjellet og Nonsfjellet, men tung og treig frå start og litt uvell. Så tok det roleg og baka faktisk inn to pauser på vegen opp, den siste då blåsten drog seg opp og ein feit regnskur passerte fjella. Etter nesten 2,5 timar var eg oppe ved varden, ein god del lenger enn formoda ved start. Boksen med bok var halvfull av vatn, eg vinkla denne litt betre så det skulle renne ut, men lokket var vekke. Avgjersla vart tatt om att dette var nok i dag og veret spela heller ikkje opp til dans (vind og regnskurar). Labba derfor ned att på fine snøtunger og la meg sør for Skottheitjønna i mosen og sovna stille inn (om det er lov å skrive). Vakna litt seinare godt nøgd med valet og nytte mikronaturen rundt meg. Rusla så ned att til 3 VM-kampar og ny sjelefrednatt på gjestegarden. I morgon er det vonleg litt meir futt til både Romsskåla i Leka og Vattafjellet i Vikna før flyet går ned att til Vestland, Vestland.

Dagens dyr: Edderkopp, ryper, hare(på veg i bil attende)

Tid: 2t 26min til toppen
4t 17min total inkl lange pauser

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.