Grønkleppen, Fosnes (15.06.2018)

Written by Elementmannen

Characteristic Jogging
Duration 2h 22min
Distance 10.3km
Vertical meters 737m
GPS
Ascents Grønkleppen (765m) 15.06.2018 18:48
Visits of other PBEs Fiskåa parkering (88m) 15.06.2018 17:26

Morgonflyet fraa Bergen og full jobbdag i Kolvereid satt grunnlag for val av topp. I tillegg var det ein del vind i fjellet saa koyrde fylkesveg 17 til Øyvatnet på ca. 1 time. Fann omtalte parkeringslomme ved ‘stengt’ – skilt, her stod det også ein liten gravmaskin.
Pakka lett og labba oppover i godt tempo tross bratta. Brått skilte noko seg ut i konturane, ein av tidenes mest uroa elgkalvar stod og skua mennesket som pesa opp lyngen. Eg skua attende ein 10 minutt får vi kvar gjekk til vårt. For min del var det ut i mykje trekkspelterreng, men relativt ok å ta seg fram i. Passerte rett nord for punkt 450 og opp vidare mot det eg trudde var ei fin flate mot toppen. Det viste seg å vere meir trekkspel og litt lenger enn formoda, kom opp på toppen 1t 17min etter start inkl elg og rype og sommarfuglstopp.
På toppen var det passe vindfullt og surt, men med flott utsikt og regnboge etter kvart. Eg tok ein «skråli»-vegval ned att, ref sporing som gav mykje mindre trekkspel, men ein del skar og litt bjørkekvist så vart tidsmessig Erling Jevne. Men ein meir behageleg nedfart var det kanskje med mykje myr på slutten. På slutten slapp eg tak i kart og kompass og satsa på å treffe Jakobengsætra på «gefyl» men drog for langt nord og traff vegen i stengt område. Rusla så att til bilen og køyrde mot Terråk Gjestegård(anbefalt! 1090 NOK pr natt) for lova spareribs og planlagt langtur dagen derpå.
Grønkleppen minnast kanskje ikkje i all eve, men ein fin og fuktig tur vart det.

Dagens dyr: Elg og rype
Tid opp 1t 17min
Total tid 2t 22min

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.