Hyefjordeggen (Skjerdalseggene/Akslefjellet) (09.06.2018)

Written by torehum (Tore Humstad) GSM

Start point Hope (39m)
Endpoint Skjerdalen
Characteristic Alpine trip
Duration 24h 22min
Distance 20.7km
Vertical meters 1,901m
GPS
Ascents Seltuftnibba (1,316m) 09.06.2018
Akslefjellet (839m) 09.06.2018 15:00
Brokeskarnibba (853m) 09.06.2018 15:00
Eggene NØ1 (1,259m) 09.06.2018 15:00
Eggene NØ2 (1,116m) 09.06.2018 15:00
Nonstua (568m) 09.06.2018 15:00
Skordalsfjellet (1,240m) 09.06.2018 15:00
Visits of other PBEs Nordryggen Brokeskarnibba (700m) 09.06.2018 15:00
Bergsprekker Eggene (1,250m) 09.06.2018 15:00
Hope parkering skiltet (40m) 09.06.2018 15:00
Klyvepunkt Eggene NØ2 (1,100m) 09.06.2018 15:00
Kaia i Skjerdalen (0m) 09.06.2018 15:00
Krøtterbru over Skordalselva (95m) 09.06.2018 15:00

Hyefjordeggen - eller noko slik?

Fleire av oss hadde gått delar av ruta før. Alle hadde tenkt på å gå denne turen ein gong. Men ingen hadde, inntil denne helga, gått heile ryggen frå start til slutt. Og ryggen det er snakk om, er fjellryggen mellom Hyefjorden og Skjerdalen i Gloppen, i vårt tilfelle frå Hope i sør, til garden Skjerdalen i nord. Vi klarte ikkje å finne noko etablert lokalnamn på heile denne eggen, og det er heller ikkje laga noko turistnamn ala "Romsdalseggen" eller "Besseggen", så i vårt tilfelle hadde vi berre arbeidstitlar å gå på: Hyetraversen, Hyefjordeggen, Nordfjordeggen, Akslefjelleggen (eller berre Akslefjellet), Skjerdalseggen (eller Skjerdalseggene) etc. Kjært barn har mange namn heiter det. Men skjulte perler har færre. Vi går for Hyefjordeggen inntil vidare, men lar oss gladeleg belære om noko betre dukkar opp.

Uansett, dette er ein tur av dei sjeldne, så her er det berre å halde seg fast, bokstavleg talt.

Hyefjordeggen (eller skal vi seie Skjerdalseggen?) sett frå Eggene NØ1 mot Eggene NØ1, Akslefjellet og Brokeskarnibba. Nordfjorden i bakgrunnen.
Hyefjordeggen (eller skal vi seie Skjerdalseggen?) sett frå Eggene NØ1 mot Eggene NØ1, Akslefjellet og Brokeskarnibba. Nordfjorden i bakgrunnen.

Heldigvis, kan ein kanskje seie, så er dette framleis ei nokså skjult perle. Litt fordi Gjegnen og kanskje Hyeneshesten tar større merksemd, men også fordi turen er litt krevjande å gjennomføre som dagstur. Og litt fordi ein treng båtskyss for å komme seg enten til eller frå.

Vi sette att ein bil på Hestenesøyra og køyrde vidare til Hope for å starte der.

Opp Nakken frå Hope

Vi, ei gruppe på seks, starta på Hope (Hope parkering skiltet) 2 km vest for Hyen. Vi gjekk ein liten omveg i starten for å fylle vatn på flaskene i Skordalselva (ved ei Krøtterbru over Skordalselva, ved Kvia) og fortsette vidare på den lange oppstiginga langs Nakken opp til Skordalsfjellet (sjå sporlogg). Eit godt alternativ til våre lille omveg er å gå rett inn på ryggen frå Hope. Eg trur det er eit skilt der du tar av frå vegen ved parkeringa, så det burde vere greitt å treffe rett.

Stien oppover Nakken var knusktørr og god etter fleire veker med tørke, men stien var ikkje like synleg over alt. Så det var lurt å følgje godt med og halde seg på ryggen. Undervegs er det god utsikt ned mot Hyen, inn i Skordalen og over til Gjegnalundsbreen og Gjegnabu.

Dersom ein ikkje går for langt inne på ryggen (Nakken) kan ein, frå t.d. punkt 872 moh, få fin utsikt ned mot Hyen og inn mot Gjengedalen.

Her er nokre bilde frå turen oppover Nakken:

Skordalsfjellet (1237 moh)

Utsnitt frå ortofoto som viser kor ruta vår går inn i ura som markerer overgang mellom prekambrisk muskovittgneis og devonsk konglomerat (øverst)
Utsnitt frå ortofoto som viser kor ruta vår går inn i ura som markerer overgang mellom prekambrisk muskovittgneis og devonsk konglomerat (øverst)

Noko av det som gjer det spesielt interessant å ta denne turen, og andre turar mellom Hyefjorden og Svelgen (inkl. Ålfotbreen landskapsvernområde), er det den særeigne og "lettleste" geologien i området. Det er rett nok ein geolog som skriv dette, så ikkje la deg lure om du er skeptisk til propaganda. Men om du har eit ope sinn for den slags, så ligg det godt til rette for å gjere dette til ei danningsreise i vår eiga "nære" naturhistorie. Vi skal til devon, ein tidsepoke for 400 millionar år sidan. I dette området ligg nemleg eit tjukt lag av godt bevart devonsk sandstein og konglomerat oppå det eldre grunnfjellet. Som ein god og mjuk ost på ei litt tørr brødskive (som istida mykje seinare tok ein god jafs av). Dei vestlandske devonfelta er for det meste danna ved avleiring av sand og rullestein på elvesletter og elvevifter under avslutninga av den kaledonske fjellkjedefoldninga. Eit konglomerat består av bollar av små rullesteinar "limt" inn i en slags masse (eller "matriks") av sand, silt og leire mellom bollane. Det heile ser ut som ein slags dårleg betong. Bergarten gjev god friksjon og er fin å klatre på, men litt vond å sitje på eller gå berrføtt på. Ein får ikkje i pose og sekk.

Overgangen mellom grunnfjell og devonsk konglomerat går gjennom ei markant ur med store blokker på kote 920 moh.

Link til kart og 3d-modell som viser overgangen kan du finne her:

Frå denne ura stig terrenget bratt oppover, men stien ligg fint over fine hyller og artige framspring, og utsikta blir stadig betre.


Vi gjer oss kjent med den devonske konglomeraten, som er så karekteristisk for området, det siste stykket opp mot Skordalsfjellet.
Vi gjer oss kjent med den devonske konglomeraten, som er så karekteristisk for området, det siste stykket opp mot Skordalsfjellet.

Etter tre timar i kleint tempo (eit innarbeid omgrep for roleg tempo med pausar som gjer et ein må snakke med kvarandre) kom vi til toppen av Skordalsfjellet.

Skordalsfjellet, med utsikt mot Gjegnen.
Skordalsfjellet, med utsikt mot Gjegnen.

Her måtte ein av medvandrarane gjere vendereis, då han hadde viktigare ting å ta seg av i låglandet.

Seltuftnibba (1316moh)

Vi var altså fem igjen som skulle fortsette turen vidare. Sidan vi ikkje er likegyldige til verken toppunkt eller verdien av ein god primærfaktor, måtte vi sjølvsagt oppom Seltuftnibba sjølv om det medførte ein knekk på ruta. Her kom det tre regndropar, eit fenomen vi ikkje hadde vore borti på lenge.

Vi forlét Skordalsfjellet til fordel for Seltuftnibba (i bakgrunnen).
Vi forlét Skordalsfjellet til fordel for Seltuftnibba (i bakgrunnen).
Seltuftnibba ligg oppe til høgre.
Seltuftnibba ligg oppe til høgre.
Devonsk konglomerat
Devonsk konglomerat

Eggene (1268, 1258 og 1116 moh)

Fra Seltuftnibba gjekk turen vidare mot Eggene, Eggene NØ1 og Eggene NØ2. Førstnemnde lå litt på sida av den naturlege ruta langs ryggen, og denne gongen droppa vi å legge inn ein knekk. La oss skylde på den beskjedne primærfaktoren.

Vi forlét Seltuftnibba til fordel for Eggene NØ1. Denne ligg lengst til høgre på bildet. Vi følgde snøflekkane over dit.
Vi forlét Seltuftnibba til fordel for Eggene NØ1. Denne ligg lengst til høgre på bildet. Vi følgde snøflekkane over dit.
Opp mot Eggene NØ1
Opp mot Eggene NØ1

På toppen av Eggene NØ1 er det store bergsprekker, delvis gøymd under tynne snøbruer. I dårleg sikt, eller ved tynt snødekke over sprekkane, kan dette vere direkte skummelt. Sprekkane er inntil ein meter breie, og heftig djupe. Vi slapp ein stein ned i ein av dei. Den jobba seg nedover i 8 sekund før den til slutt la seg til ro.

Sprekkeområde og skumle snøbruer på toppen av Eggene NØ1
Sprekkeområde og skumle snøbruer på toppen av Eggene NØ1
Utsnitt frå norgeskart.no som viser oppsprekking i berggrunnen på toppen av Eggene NØ1 (1258 moh). Ruta vår er markert med gul og svart strek. (utsnitt frå norgestkart.no)
Utsnitt frå norgeskart.no som viser oppsprekking i berggrunnen på toppen av Eggene NØ1 (1258 moh). Ruta vår er markert med gul og svart strek. (utsnitt frå norgestkart.no)
Alpint landskap sett frå Eggene NØ1.
Alpint landskap sett frå Eggene NØ1.
Ruta mellom Eggene NØ1 og Eggene NØ2
Ruta mellom Eggene NØ1 og Eggene NØ2

Mellom Eggene NØ1 og Eggene NØ2 vart ryggen betrakteleg smalare og terrenget meir alpint. Vi tok oss ned ei snørenne og over ein snødekt sal mellom dei to toppane. På veg opp mot mot Eggene NØ2 passerte vi Klyvepunkt Eggene NØ2. Her var det litt luftig og vi måtte strekke oss litt få å nå gode tak, samt bruke friksjonen frå skoene for å kome oss opp. Det er mogleg å omgå dette punktet ved å passere forbi på vestsida av eggen.

På veg ned for å krysse snørenne mellom Eggene NØ1 og Eggene NØ2. Skjerdalsvatnet i bakgrunnen.
På veg ned for å krysse snørenne mellom Eggene NØ1 og Eggene NØ2. Skjerdalsvatnet i bakgrunnen.
Snørenna mellom Eggene NØ1 og Eggene NØ2 er passert, men meir snø venta i salen mellom dei to toppane.
Snørenna mellom Eggene NØ1 og Eggene NØ2 er passert, men meir snø venta i salen mellom dei to toppane.

Akslefjellet (839 moh)

Markert overgang ut av konglomeratet mellom Eggene og Akslefjellet
Markert overgang ut av konglomeratet mellom Eggene og Akslefjellet
Etter Eggene gjekk vi ut av konglomeratet og inn på ein slags sal som heiter Akslefjellet, akkurat idet to hjortar spratt opp frå fjellsida under oss. Her låg nokre fine tjern som ga oss tilgang til kjærkommen drikke på den elles så tørre ryggen. Sidan vi starta turen seint på ettermiddagen, var det allereie leggetid då vi kom ut. Etter at kveldsbadet var unnagjort (av nokon) var det klart for å blåse opp liggeunderlaget og rulle ut soveposen. Ein eller annan gjøk (altså ein fugl), dvs. minst ein, fylte lydbildet for natta, så det vart så som så med søvn for nokon. Ei rype (altså ein fugl) var og innom leiren ila. natta. Bilde frå Akslefjellet finn du nedanfor.

Nibba/Brokeskarnibba (854 moh)

Omsider, om morgonen på dag 2, er vi framme ved det største spenningsmomentet på turen. Korleis skal vi ta oss ned dei 350 høgdemetrane frå Nibba (Brokeskarnibba, 854 moh) til Brokeskaret (ca. 500 moh)? Vi hadde høyrt om nokon som hadde klatra opp her (Nordryggen Brokeskarnibba), men vi hadde ikkje fått noko nærare omtale av ruta. Med to stk. 50 m tau hadde vi likevel god tru på at vi kunne kombinere klyving og rappellering og finne ein grei veg ned.

Siste stykket bort mot Brokeskarnibba frå sør
Siste stykket bort mot Brokeskarnibba frå sør
Hit men ikkje lenger. Herfrå må ein enten snu og finne vegen ned mot Skjerdalen eller finne fram tauet og jobbe seg nedover med rappellar og klyving.
Hit men ikkje lenger. Herfrå må ein enten snu og finne vegen ned mot Skjerdalen eller finne fram tauet og jobbe seg nedover med rappellar og klyving.

Dersom ein ikkje vil rappellere, kan ein snu på Nibba og omgå nordryggen ved å gå ned "fremste aksla" mot Vasstøylen nede Skjerdalen. Ver i så fall merksam på nokre bratte skrentar mellom 500 og 600 moh.

Vi tok oss ned nordryggen vha. to korte rappellar på 10-15 m og deretter ein lengre på ca. 45 m. Ryggen ligg i overgangen mot tregrensa, og det er mykje vegetasjon på ryggen. Det er dermed ikkje mykje eksponert berg å lage rappellfeste på, utover dei bjørkestammane som måtte ha gode rotsystem. Ruta blir slik sett litt ukonvensjonell, så her er det viktig å ta kloke val og gjere gode risikovurderingar. Etter dei tre rappellane kom vi ut på ei lita flate på ca. 550 moh, men også her stod det att nokre bratte skrentar før vi var heilt nede i Brokeskaret (500 moh). Her kan ein enten prøve seg forsiktig fram utan tau (som nokon gjorde) eller ta enda eit part korte rappellar til.

Nordryggen på Brokesskarnibba sett nedanfrå/nordfrå. Den lengste rappellen gjekk ned den største brattskrenten midt på ryggen.
Nordryggen på Brokesskarnibba sett nedanfrå/nordfrå. Den lengste rappellen gjekk ned den største brattskrenten midt på ryggen.

Nonstua (568 moh)

Vegen ned fra Nonstua var ikkje heilt enkel. Bratt og skogatrongt.
Vegen ned fra Nonstua var ikkje heilt enkel. Bratt og skogatrongt.

Vel nede i Brokeskaret gjekk turen vidare til Nonstua (568 moh). Vegen ned frå Nonstua vart ei lita nøtt for slike som oss, som helst ville følgje ryggen heilt fram til Skjerdalen. På tuppen av ryggen var det rett og slett for bratt og tett. Sjå på sporloggen kor vi snudde. Det enklaste ville nok vore å gå ned i Skjerdalen frå Brokeskaret, etter rappellane. Men når vi først hadde kome over Nonstua, måtte vi nesten løyse det derfrå. Vi endte vi opp med ein ny "skogsrappell" på 45 m øverst i bratt renne (N61.8306812,Ø5.9693518). Det var ein del lausgods i renna. Eit alternativ til rappell her, kunne vere å gå litt lenger sør, mellom denne renna og eit markert skredsår i terrenget (finn eit flyfoto). Der ville det og vore litt bratt lengst oppe, men ikkje fullt så eksponert. Og sikkert fleire tre å halde seg fast i. Vi kom uansett greitt ned til dalen og kunne tusle ein knapp kilometer langs grusvegen og ned til kaia.

Frå kaia i Skjerdalen og over fjorden til Hestenesøyra

På kaia låg båtskyssen og venta på oss. Vi hadde laga ein avtale med "Best1", og kaptein Arne, som rett nok måtte vente litt på oss, kunne frakte oss trygt over ein skumkvit Hyefjord. Vel over på Hestenesøyra vart vi påspandert kaffe til utsikta over den tilbakelagte ruta. Takk for kaffen, takk for skyssen og takk for turen.

Båten Best1 på Hestnesøyra med Skjerdalen i bakgrunnen.
Båten Best1 på Hestnesøyra med Skjerdalen i bakgrunnen.
Start date 09.06.2018 14:28
(UTC+01:00 DST)
End date 10.06.2018 14:51
(UTC+01:00 DST)
Total Time 24h 22min
Moving Time 9h 39min
Stopped Time 14h 43min
Overall Average 0.9km/h
Moving Average 2.1km/h
Distance 20.7km
Vertical meters 1,901m

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by torehum 05.08.2018 22:58

    Takk for hyggeleg tilbakemelding Odd. Anbefaler verkeleg å ta turar i dette området:-)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by oddis 23.07.2018 10:44

    For en flott turrapport. Har lenge hatt lyst til å besøke området og denne lesningen gjorde lysten bare enda større :)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by torehum 05.08.2018 22:58

      Takk for hyggeleg tilbakemelding Odd. Anbefaler verkeleg å ta turar i dette området:-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.