Reineskarvet april 1999 (02.04.1999)

Written by skarvet

Start point Lauvdalen (1,150m)
Characteristic Ski trip
Distance 23.0km
Vertical meters 650m
Map
Ascents Sørvest for Skoddenose (1,729m) 02.04.1999
Vest for Skoddenose (1,732m) 02.04.1999

Før eg skulle reise heimatt frå Lauvdalen, hadde det vorte april. Dagen eg skulle reise heimatt starta eg med å rydde opp etter meg, vaske opp og sope golvet. Vêret var betre att med sol, men det var fortsatt varmt. Før eg skulle gå heimte, bestemte eg meg for å gå ein liten tur bortover. Ved Skarvanstølen svinga eg oppover mot Hestebotn i håp om at eg skulle koma opp i kaldare snø der. Ovanfor kroken kom eg i klammeri med nokre byfolk (Byfolk blir ofte brukt som samlebegrep på turistar som oppfører seg som ..., ja nettop det. Byfolk treng altså ikkje nødvendigvis vera frå ein by.) som ikkje respekterte båndtvangen. Etter mykje diskusjon og meir og meir stygge ord frå mi side, gav eg opp. Eg håpar byfolka syntes det var så ubehageleg at dei oppfører seg betre i framtida eller at dei rett og slett held seg vekk herifrå.

No var kursen vendt mot toppen på skarvet. Eg fekk meg altså ein tur på toppen i dag òg. Nokon tur nord skarvet kunne ikkje verte aktuelt, for det var alt langt på dag, og eg måtte innom Lauvdalen att før eg skulle heim. I dag var det så mykje folk på skarvet at det ikkje var så mykje å vera der for, så eg gjekk fyrst på toppen like nordafor rette toppen. Denne toppen er nokre meter høgare, så det er eit like greit turmål. Her sat eg med
bar overkropp og oppbretta strumper i solsteiken.

Etter at nista var oppeten og det hadde vorte litt stillare på toppen, kledde eg på meg att og gjekk over toppen før eg løypte ned att. Turen ned frå skarvet er slik at jo dårlegar føret er, dess raskare går det. Med raskt føre, blir det mange svingar. Eit stykke kan kvar sløyfe
vera på opptil halvannan kilometer kvar veg, og det er ikkje sikkert at ein mister så mange høgdemeter. Med bare ei heil ski, var dette ganske slitsomt. Men no når skiutstyret var i orden att, og eg ikkje hadde det travelt, var dette ein fin tur. Heimover frå Lauvdalen var snøen så oppbløytt at det ikkje var så moro lenger, men eg kom meg heim til høg non.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.