Byfjellenes høyeste punkt (05.06.2018)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Haukeland
Endpoint Haukeland
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 30min
Distance 11.0km
Vertical meters 700m
Map
Ascents Hauggjelsvarden (673m) 05.06.2018 14:47
Ulriken Vest (607m) 05.06.2018 14:47
Ulriken (643m) 05.06.2018 14:47
Byfjellenes høyeste punkt (674m) 05.06.2018 14:47
Storhaugen (662m) 05.06.2018 14:47

Dei kjedligaste toppane er jo dei ein trur ein har vore på, men som det viser seg at ein ikkje har vore på allikavel. Eg har gått vidden fleire gonger, og då har eg rekna med at stien går via Byfjellenes høyeste punkt. Men med nærstudering av kartet har det snike seg inn ein mistanke om at dette ikkje er tilfelle.

Denne tirsdagen var eg på kurs på Haukeland, og sidan det slappe kursopplegget la inn åra halv 12 på formiddagen, var det berre å spenne på seg skoa og legge avgårde opp bakkane mot Ulriken.

Eit fantastisk vær gjorde dette til ein fornøyelse, og få ting slår utsikta over Bergen By frå Ulriken på ein finværsdag. 40 min frå starten av kabelbana til masta.

Så var det trakking vidare innover Vidden. Eg hadde ikkje smurt meg med solkrem, så eg følte meg som ein sommarkotelett i finværet. Etter kvart såg eg høgste punkt, og det vart klart at her hadde eg ikkje vore før. Så då kan eg føre på nok ein topp på norges 1000 høgste pf, utan at eg flyttar meg ein millimeter på lista. Slikt kan vi ikkje ha for mykje av.

Eg jogga også bortom Storhaugen, og var inne på tanken om å ta heile Vidde-turen i finværet. Men utan solkrem og begrensa med vatn så snudde eg tilbake same veg.

User comments

  • -
    avatar

    Bergensbesøk!

    Written by knutsverre 06.06.2018 10:37

    God utnyttelse av tiden, Kristian, med de vanlige, morsomme skråblikkene du alltid har i rapportene! Nydelig bilder fra en vakker by!

    • -
      avatar

      Sv: Bergensbesøk!

      Written by kobbenes 06.06.2018 10:40

      Takk for det, Knut Sverre! Det er fint i trøndelagen, men etter 9 år i Bergen under studietida kjenner eg det i godt i hjerterota når byen viser seg frå denne sida. Noregs flottaste by, ingen tvil!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.