Sunndal: Skrondalsnebba, Jønstadkollen og Kleivhøa (01.06.2018)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Skrondal (115m)
Endpoint Skrondal (115m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 39min
Distance 17.2km
Vertical meters 1,900m
GPS
Ascents Jønnstadkollen (1,341m) 01.06.2018
Kleivhøa (1,491m) 01.06.2018
Skrondalsnebba (1,464m) 01.06.2018

Møre og Romsdal pf 100 1096/1160
Eg kunne sjølvsagt gått veien innover til Jønnstad for å ta desse 3 toppane, men den veilabbinga frista ikkje. I boka Toppturer i Sunndal er det beskrive ei rute opp frå Skrondal. Anbefalt parkering ca 150 m oppover traktorveien etter avtale med grunneigar. Eg prøvde meg i det huset men ikkje svar. Valgte derfor å parkere litt lenger borte ved ei møtelomme på veien.

Fulgte skogsveien til endes ca 290 moh (sjå GPS-sporet). Siste strekket med vei er ikkje innteikna på kartet. Så var det lia oppover, ca 500 hm med bukkemark utan sti. Dette var eg klar over, det står beskrive i denne boka. Etter 300 hm kunne eg konstatere at eg hadde gløymt maten i bilen. Mykje banning og bortimot grunn til å snu sidan eg er hjelpelause på tom mage. Svetten rann, og å snu for å hente maten var utenkeleg. Måtte berre halde fram og håpe å komme seg igjennom dagen utan kollaps. Peisa på med store mengder vatn heile turen og det holdt. Nesten oppe i Skrondalsbotnen må ein krysse bekkefaret mot høgre. Her var det gamle målingsflekkar, så ei slags rute har det vært opp her ein gong. Fint med GPS slik at ein finn denne på returen utan å rote seg borti brattare terreng. Ved vatnet står det ei gammel steinbu, restaurert i nyare tid. Infotavle var der og med histora bak bua. Dessverre var eg så forbanna på dette matgreiene at eg tok ikkje bilde. Var inn i bua og leita etter gammal hermetikk. Der stod ein boks, best før 2011. Spretta denne på Skrondalsnebba og konstaterte tunfisk! Smaken var heller ikkje så værst men etter nokre tygger måtte eg melde pass. Siste bakken til Kleivhøa vart dryge! Men til slutt var eg altså oppe. Ein nydeleg dag, såg over mot Søre Steinbruhøa som var neste dags prosjekt. Brukte alt som var av snøfelt på returen, før eg med skjelvande kne og slækk i fisken kunne skli meg ned den utfordrande lia til Skrondal.

Frå Skrondalsnebba mot Jønnstadkollen
Frå Skrondalsnebba mot Jønnstadkollen
Hjellbønebba
Hjellbønebba
Mot Øksendalen/Skrondal
Mot Øksendalen/Skrondal
Vatnet i Skrondalsbotnen
Vatnet i Skrondalsbotnen
Egga mot Skrondalsnebba, som kanskje kan være gangbar utan tau?
Egga mot Skrondalsnebba, som kanskje kan være gangbar utan tau?
Frå Jønnstadkollen mot Skrondalsnebba
Frå Jønnstadkollen mot Skrondalsnebba
Skjorta
Skjorta
Ryssdalsnebba og Skrommelnebba
Ryssdalsnebba og Skrommelnebba
Mot Kleivhøa, dagens siste
Mot Kleivhøa, dagens siste
Frå Kleivhøa mot Steinbruhøa, neste dags prosjekt
Frå Kleivhøa mot Steinbruhøa, neste dags prosjekt
Hjellbønebba og Kleppen
Hjellbønebba og Kleppen
Skrondalsnebba og Jønnstadkollen i framkant.
Skrondalsnebba og Jønnstadkollen i framkant.
Skrommelnebba, som eg var på i går kveld.
Skrommelnebba, som eg var på i går kveld.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.