Møre og Romsdal pf 100 1099/1160
Det slake fine terrenget til desse toppane innbyr sjølvsagt til skitur. No vart det ikkje slik, men dette var ein veldig fin tur og til fots. Parkerte over svingane i Hallarvasslia. Gjekk i tett skog og elende bort til ein rygg som eg fulgte rett oppover sør for Øykjelibekken til den gamle annleggsveien. Rusla denne til Langdalselva. Her var det skilt om adgang forbudt og andre trugsmål. No såg det ikkje ut som det var gjort noko arbeid her sidan i fjor. Støyping og greier. Langdalselva er stor, men heldigvis gjekk mesteparten i tunnel under veien. Eg kunne gå under den nye demninga og klyvra meg over den vekkvaska veien. Her er det ikkje muleg å sykle lenger slik situasjonen er i dag iallefall. Så var det drygt 5 km i luftlinje til Nørdre Steinbruhøa. Eit par reinsdyr låg og kjølte seg ned på eit snøfelt. Kryssa og eit jervespor. Frå Nørdre Steinbruhøa tok eg bratt ned ei mosegrodd side og så snøfelt til Langdalen. Enkelt og lettgått heile ruta vidare til Søre Steinbruhøa. Ein person hadde vært her, kanskje dagen før, såg fotspora i snøen. Kunne springe lange snøfelt nedover til annleggsveien igjen. Kjempeflott tur på ein aldeles nydeleg dag!
User comments