Gravskardhøgda (02.06.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 7h 35min
Distance 17.1km
Vertical meters 1,290m
GPS
Ascents Gravskardhøgda (1,767m) 02.06.2018 13:45
Straumbukampen (1,243m) 02.06.2018 16:54
Flott varde på Dølavegen
Flott varde på Dølavegen
Gravskardhøgda
Gravskardhøgda
På Gravskardhøgda
På Gravskardhøgda

Kristine og eg tok med campingvogna oppover Østerdalen torsdag kveld. Om lag klokka ti var vi framme på Straumbu. Plan for helga var å gå på Gravskardhøgda og Blåkollen. Etter ei natt i vogna åt vi frukost ute på ein benk i sola. Vêret var varmt da vi gjekk i vegen mot Gravskardhøgda. Den første stigninga gjennom skogen var tung, og vi vart i tillegg plaga av mykje mygg. Da vi kom opp i høgda slapp vi unna myggen, men vêret holt seg bra. Vi gjekk det gode råket mot Breisjøseter nesten til Gravskardet, før vi gjekk oppover ryggen til Gravskardhøgda. Fantastisk utsikt på toppen, men ein del vind. Vi hadde vurdert å gå ein lenger runde, om Skjellåkinna og Eriksrudhøa, men ein veke med sjukdom for Kristine gjorde at turen vart lang nok utan. På veg ned at tok vi den vesle avstikkaren oppom Straumbukampen, eller Indre Kampen, som det står på kartet. Ein flott tur! Nede at tok vi eit raskt bad i Atna, før vi åt ein god middag.

Oppover mot Straumbukampen frå Straumbu
Oppover mot Straumbukampen frå Straumbu
Mot Straumbukampen og Storronden, Rondslottet og Høgronden
Mot Straumbukampen og Storronden, Rondslottet og Høgronden
Storronden, Rondslottet og Høgronden frå Straumbukampen
Storronden, Rondslottet og Høgronden frå Straumbukampen
På Straumbukampen mot Sleukampen
På Straumbukampen mot Sleukampen

User comments

  • -
    avatar

    Husker denne godt...

    Written by Flugis 02.06.2018 18:03

    ..da det blåste hatter og høy når jeg var der og fikk også en frostskade på nesa. Tipper været var noe annet idag.

    • -
      avatar

      Sv: Husker denne godt...

      Written by Hansi 02.06.2018 18:46

      Litt vind var det i dag og, men ingen frostskader! Godt og varm i dag.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.