Eit av dei mange Blåfjell (29.05.2018)

Written by agnar (Agnar Åsnes) GSM

Start point Osen
Duration 3h 12min
Distance 11.5km
Vertical meters 913m
GPS
Ascents Svadheia (848m) 29.05.2018 19:20

Tenkte å køyre til Øvrebø, på østsida av fjellet. Men der var det komme opp skilt med privat veg, innkjøring
forbudt. Ok, får køyre til Osen då, og opp anleggsveien. Nei den var berre for bilar med 4- hjuls trekk, så då var
det berre å gå. Og det blei hardt i varmen. Veien gjekk mykje lenger enn det som er merka på kartet. Heilt
til inntaket for kraftverket. Over ei bru her, og på fin sti inn dalen. Først forbi Osenstølen, og så ei einsleg
hytte. Her var det slutt på stien, men glissen bjørkeskog og greit vidare. Etter kvart bra stigning, som varde heilt
til toppen. Varmt og stille, og fantastisk utsikt, med Alden, Blegja, Gjegnen, Snønipa og mykje meir.
Brukte snøfonnene på returen som gjekk rimeleg fort.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.