Geitfjellet med Eskil (18.05.2018)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Trip by foot
Duration 2h 00min
Distance 3.6km
Vertical meters 150m
Map
Ascents Geitfjellet (416m) 18.05.2018
Visits of other PBEs Geitfjellet fra Lavollen 18.05.2018
Lavollen Parkering (250m) 18.05.2018

Travle dagar i mai, med nytt familiemedlem, forbreiing til flytting til nytt husvære og salg av leiligheit etc etc. Ikkje rart det kan gå litt varmt heime i leiligheita. Då er det godt å kome seg ut, både for PappaPakkhest og Storebror. Ikkje minst når det er full sommar i mai!

Turen denne formiddagen gikk frå Lavollen til Geitfjellet. Eskil sat i meisen til det var eit par hundre meter att, før han fekk teste beina. Og det gikk så det kosta etter, over myr og mo, endatil opp bratta mot toppen. Veldig flink og stolt gut som klatra opp siste svaa til topps!

Her vart det vel fortent sjokomelk og nyting av utsikta. To ungdomar kom halsande i stort tempo, og hadde tatt seg så ut at dei vart liggande rett ut. Dette vart sjølvsagt kommentert i undrande ordelag.

Deretter gikk vi nedatt. Eg bar Eskil 2-300 meter forbi det brattaste. Så gikk han resten sjølv, strålande nøgd. Makan, dette er gode takter!

I farta!
I farta!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.