Nesset: Fløtatinden og Trondskjortetind (19.05.2018)  6

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Brandstad (180m)
Endpoint Brandstad (180m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 31min
Distance 18.6km
Vertical meters 1,750m
GPS
Ascents Fløtatinden (1,711m) 19.05.2018
Trondskjortetind (1,512m) 19.05.2018
Stigning over 2800 meter når eg la det inn frå GPS. Heilt borti natta. Korrigert til 1750 etter kartlesing og bruk av sunn fornuft.

Møre og Romsdal pf 100 1089/1160
Etter kjempeturen til Kongskrona vart det pizza på Sunndalsøra før vi kjøyrde inn Øksendalen og parkerte på Brandstad. Eit par jenter var nettopp ferdige med sin tur til Fløtatind og måtte gjennom eit lite forhøyr om føre og veivalg mm. Torleiv brukte delar av kvelden til tentamensretting i matematikk. Etter gryntelydane å dømme var det ikkje alt som var riktig.

6 stk la i vei før oss med randoutstyr. Vi gjekk igjen for fjellskia som hadde vært ein suksess på Kongskrona. Bæring opp til ca 650 moh, og så var det berre å følgje spora til topps. Passerte eit lystig lag med 5 moldensere. Slapp dei forbi oss igjen rett før siste kneika der vi tok ein matbit. Vi vart nr 7 og 8 på toppen denne dagen. I tillegg 12-15 stk etter oss. Neste topp var Trondskjortetind som eg var spent på. Johan kunne bekrefte at det var greitt å gå på vestsida av fortoppen og opp ei renne. I sida ned frå Fløtatind var det fast og fint, telemarksvingane satt som ein draum. Satte igjen ski og mesteparten av utstyret i skaret og gjekk til fots. Gjekk opp renna til venstre. Då møtte vi klyve langs eit litt luftig parti i ei hylle. Renna som fører rett til varden er bedre, men ser verre ut nedanfrå. Returnerte denne renna og labba opp ca 50 høgdemeter frå skaret før vi kunne gli tilbake til snøkanten i lia. Meir våt og råtten snø her nede, men fjellski funka heilt fint. Enkel retur på god sti til Brandstad.

Skia på, på vei mot Fløtatind. Litlskjorta midt i bildet.
Skia på, på vei mot Fløtatind. Litlskjorta midt i bildet.
Over dalen mot Skrondalsnebba og Jønnstadkollen
Over dalen mot Skrondalsnebba og Jønnstadkollen
Torleiv sommarsleg antrukket i heten. Ryssdalsnebba bak.
Torleiv sommarsleg antrukket i heten. Ryssdalsnebba bak.
Fløtatind og 5 moldensere
Fløtatind og 5 moldensere
På Fløtatind.
På Fløtatind.
Moldensere på retur ned frå toppen.
Moldensere på retur ned frå toppen.
Skjorta, Litlskjorta, Ryssdalsnebba, Skrommelnebba...og neste topp Trondskjortetind i forkant til venstre.
Skjorta, Litlskjorta, Ryssdalsnebba, Skrommelnebba...og neste topp Trondskjortetind i forkant til venstre.
På Trondskjortetind
På Trondskjortetind
Renna vi gjekk ned, den som bør brukast.
Renna vi gjekk ned, den som bør brukast.
Fløtatind frå Trondskjortetind
Fløtatind frå Trondskjortetind

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.