Sunndal: Hovsnebba (20.05.2018)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Hydro (3m)
Endpoint Hydro (3m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 10min
Distance 8.1km
Vertical meters 1,632m
GPS
Ascents Hovsnebba (1,554m) 20.05.2018
Visits of other PBEs Flaggnuten (431m) 20.05.2018
GPS 1630 meter stigning. Stemmer bra sidan vi var ned på Flaggnuten.
Spennande rute mot Hovsnebba ganske så rett opp frå Hydro. 2 plassar hang det kjettingar og dei var gode å ha.
Spennande rute mot Hovsnebba ganske så rett opp frå Hydro. 2 plassar hang det kjettingar og dei var gode å ha.

Møre og Romsdal pf 100 1090/1160
Siste turdag i denne runda gjekk til Hovsnebba. Passeleg å avslutte med før 5 timar heimreise. Utruleg rås oppover fjellsida. Eit stidele med tydeleg merking til høgre forvirra oss litt, så vi enda på Flaggnuten. Gjekk tilbake og tok av bratt oppover igjen. Ved det såkalla Galleriet var det eit tau med knutar lagt ut. Så var det forbi trimkassa ved Bjønnalauvet 765 moh i skoggrensa og kryssa Kilurdbekken på 1000 meter. Ikkje snø her lenger etter enorme temperaturar siste vekene. Frå første varden er det eit lite stykke til høgste punkt. Her må ein ned frå ryggen på sørsida eit par plassar. Men ikkje vanskar av noko slag. Fantastisk utsikt til Sunndalsøra 1550 meter lenger nede. Litt overskya og vind i dag, men flott temperatur og turver likavel. Etter boka i kassa 50-60 besøk i året til denne toppen. Ca 10 stk alt i 2018.
Flaggnuten
Flaggnuten
Klyving opp forbi Galleriet
Klyving opp forbi Galleriet
På toppunktet, luftig mot Sunndalsøra
På toppunktet, luftig mot Sunndalsøra
Ryggen vestover
Ryggen vestover
Dronningkrona og Kongskrona
Dronningkrona og Kongskrona
På retur, i Galleriet
På retur, i Galleriet
Torleiv i konsentrert utgåve
Torleiv i konsentrert utgåve

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.