Sau, Sokse, Kalv og litt til. (19.05.2018)

Written by ariaasen (Arild Aasen) GSM

Duration 6h 46min
Distance 18.5km
Vertical meters 1,399m
GPS
Ascents Austre Kalven (2,034m) 19.05.2018
Midtre Kalven (2,030m) 19.05.2018
Vestre Kalven (1,995m) 19.05.2018
Sauen (2,077m) 19.05.2018
Sokse (2,189m) 19.05.2018
Sokse Nordklo (2,182m) 19.05.2018
Veslebjørn Nord (2,110m) 19.05.2018

Ny dag og nye muligheiter.
Labba oppover bakkane og tok sikte på Sauen. Lite folk den vegen, men enormt med folk på breen.
Fleire hundre på Storebjørn idag.
Etter ein god rast på Sauen gjekk me på Veslebjørn Nord. Tilbake i Bjørnskard sette Anders seg litt i ly for vinden medan eg fekk blåst ein tur på Soksene. God snøv opp renna så det vart kjapt gjordt.
Anders hadde litt gnagsår, so me var litt usikre på om me skulle avslutte medan leiken var god.
Men so var de no dissa kalvane då. Kjørte ned til dei og la igjen sekkane før me testa litt opp bakken. Går fint var konklusjonen, so då vart det 3 kalvar også.
Med susa ned igjen til telt og middag, før me pakka saman og kjørde heim.
Flotte dagar som frista til gjentaking.

User comments

  • -
    avatar

    :)

    Written by johan99 21.05.2018 10:43

    7 toppar, med gnagsår..!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.