Liaknuten og Hamrane frå Liarvatnet (11.05.2018)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Hamrane (576m) 11.05.2018
Liaknuten (710m) 11.05.2018

Flott finvêrstur langt inn i Jørpelandsheia, snaue 5 ½ timar på tur. Start frå Liarvatnet, inn Småsildalen og opp på nordsida. Ned Gudbrandsdalen til Holmavatnet, opp til toppen av Ospeskardet og så stilaust og tidvis bratt til topps på Liaknuten. Spennande topp både med vegval, småklyving og kanonfin utsikt. Panorama over den indre heia med kjende toppar og vatn. Fekk med meg begge toppunkta og dermed utsikten mot Øyavatnet og Kvelven.

Tilbake same veg, og oppom Hamrane før nedstigning til utløpet av Holmavatnet. Dette skulle eigentleg ha vore ein rundtur om Svartavassknuten, men grunna sein start var det tryggast å venta med den, dersom mørkna skulle bli eit problem. Alle dei turane eg har starta innover Småsildalen, så var faktisk dette første gangen eg gjekk han på heimveg. At Jørpelandsheia er kupert, vitnar denne turen om med sine ca. 900 høgdemeter!

Ikkje feil å starta frå Liarvatnet i slikt vêr! Klassisk motiv av Småsildalen

Mot Botnatjødna og Naganibba
Mot Botnatjødna og Naganibba
Liaknuten sett frå utløpet av Holmavatnet

Frå Ospeskardet mot Vardhusheia og Longavatnet bakerst

Frå oppstigninga til Liaknuten mot austenden av Holmavatnet og Øyavatnet. Godlifjellet og Naganibba dominerer i bakgrunnen

Frå oppstigninga til Liaknuten mot Hamrane. Forenesvatnet, Reinaknuten og Krunefjell sjåast bakerst

Mot dei to toppane av Liaknuten, med austtoppen (venstre) som den høgaste

Frå oppunder Liaknuten mot Vardhusheia, Bergeheia og nordenden av Longavatnet. Den næraste tjødna ligg oppe på sjølve Liaknuten

Frå Liaknuten mot Skitli. Skitlitjødna sjåast så vidt

Frå Liaknuten mot nordenden av Longavatnet, med Vardhusheia dominerande i bakgrunnen

Frå Liaknuten mot sørenden av Longavatnet, med Skivatnet, Kvednavatnet og Stemvatnet ovanom Bratteli. Under Bratteliknuten heilt til høgre skimtast såvidt Svartavatnet

Storfornøgd på Liaknuten!
Storfornøgd på Liaknuten!
Frå vesttoppen mot Øyavatnet og Store Nagatjødna. Naganibba dominerer til høgre i bakgrunnen, med ein flik av Svortingsvatnet nedanfor

Frå vesttoppen mot Holmavatnet. Reinaknuten og Krunefjell dominerer i bakgrunnen

Frå nedanfor vesttoppen mot Kvelven. Bratteliknuten og Godlifjellet (med Svartavassknuten framfor) sjåast i bakgrunnen

Frå Hamrane mot Forenesvatnet og Krunefjell

På Hamrane med utsikt mot Liaknuten og Holmavatnet. Bak sjåast óg litt av Øyavatnet med Svartavassknuten og Godlifjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.