Bukkehøe (30.04.2018)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 31min
Distance 13.3km
Vertical meters 1,322m
GPS
Ascents Bukkehøe (2,314m) 30.04.2018 10:27

Stortoppfangst på ein fin avspasseringsdag med Marita. Dette var vår fyrste topp på over 2000 meter på randonee-utstyr, og min tredje på ski. Køyrde frå Lærdal litt før kl 8. Nær Turtagrø var det mange campar, og utruleg mykje folk. Mange som nytta findagen til ein topptur.

Også ved Geitsætra var det folksomt, og bilar i rekkje på over 200 meter. Vi var spent på korleis dette ville bli, særleg då det viste seg at det var knallhard snø då vi sette av garde. Sett bort frå at Marita glei og missa skia straks etter start i eit isete parti nær elva (kunne ha vorte skummelt nok å rase 5 meter ned steinurda i Ytre Illåe), gikk turen fin-fint :) Noko utfordrande i det brattaste partiet, sidan det var hardt/isete, og ruglete grunna mykje folk på tur i det siste. Vi såg at ei kvinne bala i bratta, og mista skia. Då vi tok att nokre som rasta rett under hammaren, bestemte vi oss for å ta på stegjerna. Tok skia på ryggen, og traske oppover med stålkontroll. Det fungert fortreffeleg. Seinare fekk vi vete at fleire som gikk oppover, hadde streva i det bratte partiet. Nokon gikk på beina utan stegjern, og det var vist tøft nok grunna hard snø. Sannsynlegvis var det meir erfarne som beherska dette godt, og andre hadde gjerne skarejern.

Så var det etter kvart berre å kose seg i roleg gange oppover. Sola kom for fullt på breen under toppen :) Det var nyydeleg å gå oppover. Siste bratte kneika var tung. Beina byrja å bli tunge og mjølkesyra kom fort. Men no var vi over 2100 moh., og då skal det merkast. Kanskje litt for lite mat og drikke også, medverka til at det gikk tungt i siste brattbakken.

På toppen var det om lag 10 personar då vi kom som dei siste til toppunktet i dag. Utsikta var til å ta pusten frå ein. Her var det toppar i hundretals, og urørt natur så langt auga kunne sjå.

Turen nedatt gikk så det suste. Både Marita og eg meistra både laussnø, og dei meir isete partia i det brattaste områda. Lettare ned enn opp. Når vi hadde kara oss opp einaste motbakken på retur, på ryggen under Sauhøe, var det nydeleg slush nedatt til bilen. Ein fantastiskt opplevelse for oss. Berre skiføret som ikkje var perfekt.

Toppen skimtast. Her vel 1900 moh.
Toppen skimtast. Her vel 1900 moh.
Bukkhøe svevar og folket jublar.
Bukkhøe svevar og folket jublar.
Marita, blid på toppen.
Marita, blid på toppen.
Meg, blid på toppen.
Meg, blid på toppen.
Vi er nesten nede att, og ser tilbake på den bratte oppstigninga rett ved ryggen lengst borte.
Vi er nesten nede att, og ser tilbake på den bratte oppstigninga rett ved ryggen lengst borte.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.