Bremanger/Flora: Maritind og Plogen (15.07.2006)  6

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Førdsdalen (320m)
Endpoint Nivatnet (723m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 1,300m
Map
Ascents Maritind (1,295m) 15.07.2006
Nipevatnet vest for (996m) 15.07.2006
Plogen (1,357m) 15.07.2006
Saga og Maritind
Saga og Maritind

Maritind, ein av mine favorittoppar. Første gong eg var der var med ein studiekompis frå Volda. Denne gongen hadde eg raska saman litt forskjellige kompisar med ulik kondisjon og forutsetningar. Planen var å gå til hyllesystema for fiske, teltliv og toppar. Usikkert kven som ville være med på kva. Men Gustav (bror til Kroksleiven) og eg hadde iallefall Plogen og Maritind høgt på lista. Gustav har hatt våte draumar om denne toppen i årevis.

Vi kjøyrde bomvegen inn Førdsdalen. Hylla opp til Nivatnet er grei å gå. Her er mykje sva med svært god friksjon. Ved Nivatnet er det gode teltplassar. Fisket her er godt. Vi var 5 stk, der 3 sleit med diverse skavankar: Kne, beinskjørhet, isjas og altmuleg. Vel så gale var det ikkje men det var iallefall berre Gustav og eg som gjekk vidare medan dei andre fiska og slappa av i leiren. Terrenget her er eit måopplevast-terreng. Hyllesystema er tildels svært krevande. Det kan være vanskeleg å finne plassar å gå opp og ned mellom hyllene. Vi gjekk over topp 998 og kryssa vest for Nipevatnet. Lett og fint å gå vidare til Plogen herifrå. På vei opp studerte vi Maritind med spenning. Eg kjende ruta opp og viste den var grei. Gustav var meir i tvil, men eg var klar over hans kapasitet så rekna med det skulle gå fint. Frå Plogen rusla vi austover til skaret mot Maritinden. Over den snødekkte breen og inn på fjellet på nordsida. I starten er det ok oppover med hyller og gode tak. Etterkvart kjem ein inn i eit bratt parti der ein ikkje bør gjere noko feil. Krevande klyving opp til ein sit overskrevs ei skarp egg. Nokre få meter framover og ein er på ei lita hylle. Her hadde vi nesten gitt opp første gongen. Ein hammar med stup på begge sider. Det er eit par gode tak om ein leitar litt og plutseleg er ein oppe på hammaren. Herifrå lettare klyving til topps. Ingen grunn til å gjere noko stunt her.

Ei fantastisk oppleving å stå på denne luftige toppen. Ikkje mange besøker denne og dei fleste brukar nok sikring. Iflg Florø klatreklubb sine sider klatretid 2 timar. Klyving opp går på under halvtimen om ein veit kvar ein skal gå. Eg er ingen klatrar så kan ikkje gradere denne. I 2001 var det bok her i eit plastrør. Den var borte no. Gustav var heilt rørt til tårene og det var både klemming og store ord.

Gustav på Maritind, mot Saga
Gustav på Maritind, mot Saga

User comments

  • -
    avatar

    Saga og Marietind

    Written by Eikås 07.12.2013 23:45

    Ein super tur og eit spesielt flott område :) Vi brukte tau opp, men ser at det kan fint gå å klatre fri, men greit med tau som litt ekstra sikring ned... Vi tok turen uten overnatting. Begynte vel å klatre kl 19.00 om kveld, med det resultat å vere nede til bilen kl 24.30 om natta :) Stjerneklår himmel, ein spesiell tur og natur eg vil hugse, som særdeles flott!! :) Einaste skår i gleda var, at eg knuste kameraet mitt på Marietind, Og fant ingen Slingsby mynt på toppen :))

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.