Nørdre Langsua på ski frå Espedalen (21.04.2018)  5

Written by bakken59 GSM

Start point Espedale fjellstue (1,775m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 10h 00min
Distance 44.0km
Vertical meters 1,602m
GPS
Ascents Nørdre Langsua (1,552m) 21.04.2018

Fekk ingen med meg på denne turen, men drista meg av garde aleine. Køyrde frå Oslo kl 0700, starta å gå frå Espedalen fjellstue ca 1130. Varmt i veret, men noko vind. Gjekk på fjellski med fellar. Følgde spor til Gammelbulægret, og der rasta eg i ein hyttevegg. Drog rett over høgda mot vest, utan spor før meg. Litt betenkt for i fleire parti var det gjennomroten snø. Kom meg ned til Svarttjønnholet. Der møtte eg to karar med hund og pulk som hadde overnatta på Skriurusta DNT-hytte. Medan vi stod der kom to reinoppsynsmenn på skuter, og det var ei lette, for dermed følgde eg deira spor heilt fram til Skriurusta. Hadde eigenleg tenkt meg til Storkvolvbu, men Skriurusta er eigenleg det heilt perfekte startpunktet for Nørdre Langsua, så takk til skuterfolka som Førde meg dit. 18,7 km inn til hytta. Så mat, fyring, tørre klær, før eg starta på oppturen. Gjekk rett opp på fellane. Seig motbakke, men hard skare, og grei rute. Toppen var bar. Telefonen gjekk dessverre i svart på toppen, toler ikkje kulde. Så sikk-sakk ned att. 3,5 km opp, 4,3 km nedatt. Koseleg kveld på hytta. Heim att morgonen etter. Starta kl 0800, ved bilen ca kl 1120. Berre 17,1 km, for hard skare gjorde at eg gjekk meir rett på. Stolt av meg sjølv, greip sjansen då eg hadde han, gjennomførde utan problem aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.