Formokampen (15.04.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 8h 04min
Distance 33.4km
Vertical meters 979m
GPS
Ascents Søre Skorutberget (1,309m) 15.04.2018 13:31
Øst for Formokampen (1,337m) 15.04.2018 14:52
Formokampen (1,428m) 15.04.2018 15:26
Visits of other PBEs Peer Gynt-Hytta (1,100m) 15.04.2018 11:50
Formokampen fangstanlegg (1,425m) 15.04.2018 15:46
I retning Smiubelgen tidleg på turen
I retning Smiubelgen tidleg på turen

Sundag planla vi eigentleg ein litt kortare tur, for å reise tidleg heim. Plan for turen vart dermed å gå inn til Peer Gynt-Hytta, og opp på Søre Skorutberget. Inn til hytta var det jamn stigning heile vegen, men god skiløype og flott utsikt. På hytta hadde vi ein lengre pause i solveggen. Medan vi satt der høyrde vi at vegen frå Mysuseter til Otta var stengd på grunn av snøras, og at han ikkje vart opna før utpå kvelden. Da fann vi ut at vi ville gå ein lengre tur. Vi gjekk opp på Søre Skorutberget som planlagt, og så vidare over til Formokampen. Til Formokampen gjekk vi beinaste i staden for å følgje skiløypa rundt, det var ikkje eit spesielt godt val. Oppe i sia vart det bratt, og det gjekk eit søkk bortgjennom snøen ein gong, noko som var frykteleg ubehageleg. Vi snudde og gjekk ned at, men fann ut at det nok gjekk fint å følgje ein litt meir steinete del oppover. Vi kom oss greitt opp på ryggen utan nokon fleir ubehagelegheitar. Ryggen opp til toppen var grei og følgje, men vi måtte bære skia ein del og vi sank litt i snøen. Attende frå Formokampen vart det frykteleg trått skiføre, og vi tok ein ny lang rast ved Peer Gynt-hytta. Dette vart ein ny flott tur, i eit flott landskap. Tilbake på Mysuseter så opna ikkje bilvegen før klokka 21.00, så det vart seint før vi var tilbake på Hamar. Det vart ein flott helg på Rondane Høyfjellshotell, med tre strålande turar.

På ryggen opp mot Formokampen
På ryggen opp mot Formokampen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.