Såta (12.04.2018)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 4h 52min
Entfernung 11,2km
Höhenmeter 1.159m
GPS
Besteigungen Såta (1.408m) 12.04.2018 20:08

Var lysten på ein topptur etter arbeid, og valde Såta. Berre 10 min i bilen opp i Erdal. Gikk over hengebrua til Mork, og følde stien mot Nyborg. Etter 20 min vurderte eg å snu, då snøen var relativt djup, og eg trødde i gjennom. Angra på at eg ikkje plukka med trugene som tenkt. Fekk prøve litt til, og det vart betre etter kvart, med harde trugespor som bar. Ei stund. Det vart verre att lenger oppi.

Toppvarden på Såta ein torsdagskveld i april.
Toppvarden på Såta ein torsdagskveld i april.

Fekk på Randoskia på om lag 780 moh. og då gikk det som ein leik oppover. Ei ny oppleving å komme til Nyborg på ski. Innover Tjørnadalen steig det lett og jamn, men med kraftig vind i mot. Det var avblæse, og lite fok. Ingen problem å halde fram mot toppen. La ruta på hyller oppover som det naturleg gav seg etter kvart. Ikkje bratt eller vanskeleg då.

På toppen vart eg møtt av ein stor og solid varde. Den var god å gøyme seg bak når utstyr skulle gjerast klar til retur. Fekk oppleve låg sol over Bleia, og eit fantastisk lys. Nydeleg utsikt. Kunne ikkje vere så lenge her, då eg hadde lite att av dagen, og vinden tok hardt. Nokon bilder vart det tid til. Turen vart lenger enn planlagt. Eg hadde rekna på å motte snu 20 min før toppen grunna mørket. Valde heller å sende sms til Marita, om ho kunne møte meg med lommelykt eit vist tidspunkt, i tilfelle behov.

Returen på ski nedatt gikk som ein leik, og etter 15 min passerte eg Nyborg. Måtte stoppe innimellom då det svei i låra. Kunne ha skia på noko kortare enn opp. Så vart det basking nedatt, og på randosko med kjetting, sokk eg ofte i gjennom. Det tok si tid. Eg hadde greitt nok med lys til å sjå stien heilt til siste 2 minuttane ned til hengebrui. Men Marita var ute i god tid, og eg hadde alt sett bilen og superlykta hennar for 10 minuttar sidan. Så rett før hengebrua og då det omtrent var bekmørkt, og eg hadde 5 min. att av turen, var det godt å bli møtt av sin kjære.

Ein opplevelsesrik tur vart det. Trygg nok, med dei forholdsreglar som eg tok under vegs. Men med truger opp og ned, og ei lykt i sekken, hadde eg brukt ein god halvtime mindre, vil eg tru.

I bilen kl.22:01. Då var det skikkeleg mørkt i Erdal :)

Nyborg.
Nyborg.
Mot Fjorden.
Mot Fjorden.
Mot toppen, Såta / Børshamarnosi.
Mot toppen, Såta / Børshamarnosi.
Mot Hognåsen, med Hurrungane i bakgrunn.
Mot Hognåsen, med Hurrungane i bakgrunn.
Mot Erdal, Stora Grånosi og Bleia. Eg kom opp til høgre i biletet.
Mot Erdal, Stora Grånosi og Bleia. Eg kom opp til høgre i biletet.
Brattaste bakken oppover. Vetle-grånosi på hi sida av Tjørnadalen.
Brattaste bakken oppover. Vetle-grånosi på hi sida av Tjørnadalen.
Sola går snart ned over Bleia-massivet.
Sola går snart ned over Bleia-massivet.
Mektige Tønjadalen.
Mektige Tønjadalen.
Ljøsnabygdi med Saltkjelen og Mo, sett frå Såta.
Ljøsnabygdi med Saltkjelen og Mo, sett frå Såta.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Utstyr

    Geschrieben von Esone 14.04.2018 15:36

    Har oppdatert med turinformasjon :)

  • -
    avatar

    Utstyr

    Geschrieben von JonnyA 13.04.2018 09:14

    Med eller utan trugar??

    • -
      avatar

      Sv: Utstyr

      Geschrieben von Esone 14.04.2018 14:46

      Utan, noko eg angra på. Sokk i gjennom innimellom. Det vart difor tungt opp, og noko vanskeleg nedatt og. Det var trugespor, i traseen. På Randoski frå ca. 780 moh. På ski var det griett :)

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.