Ginahytta (26.03.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Map
Ascents Hindalsfjellet (1,071m) 26.03.2018
Blesterråkvarden (987m) 27.03.2018
Gammelhans (1,066m) 27.03.2018
Myssmørhelje (1,070m) 27.03.2018
Torpevassfjellet (1,016m) 27.03.2018
Prestkjerringa (1,060m) 29.03.2018
Visits of other PBEs Skjellbreidhytta (916m) 27.03.2018

Påsketur til Ginahytta

Påsketur på Ginahytta i lag med Kristine. Vi hadde vore ein tur på hytta på sundag, då hadde vi bore opp kvar vår tunge sekk, fyra i hytta, måkt veg mellom hytta og uthuset, og godt ein fin tur om Prestkjerringa.

På måndag var det ikkje spesielt fint vêr frå morgonen, så vi drygde litt utover dagen med å dra opp. På ny bar vi tunge sekkar frå Astridbekken. Etter å ha fyra litt i hytta, og måkt sitteplass utanfor hytta, gjekk vi en skitur om Værskei og Kjettbergløypa.

På tysdag vakna vi opp til strålande sol og relativt vindstille. Vi satt inne ei god stund og spilte, før vi satt oss ut i sola og åt dugurd og las. Langt på dag kom vi oss ut på ski. Turen gjekk om Gammelhans, Myssmørhelje, Skjellbreidhytta og Kjettberget. Det vart ein riktig fin tur.

Onsdagen var vêret like fint, men det var litt vind. Vi hadde att litt lite brødmat, så pappa kom innom med ekstra mat, takk for det! Vi møtte ikkje kvarandre, då Kristine og eg var ute på ski. Vi gjekk Blesterløypa til Kittilbu og deler av Vestfjelløypa, før vi gjekk Kjettbergløypa tilbake til hytta. Tilbake på hytta fekk vi hyggeleg besøk av tante Sigrid, tante Anne Marit, onkel Jan, Ingrid og Synnøve. Takk for besøket!

Torsdag vart siste dag på Ginahytta for denne gang. Vi tok oss god tid på morgonen, før vi pakket ut og gjekk ned til Astridbekken. Der satt vi att sekkane våre og gjekk opp til Borgnyhytta på Værskei, og hyggeleg slektsstemne/innviing av hytte hos Anne og Syver. Etter selskapet gjekk Kristine og eg ein skitur om Blestern og Prestkjerringa.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.