Sunndal/Nesset: Åbittinden, Vardfjellet, 1292 og Trolltinden (22.02.2018)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Trolltindveien (500moh)
Sluttsted Trolltindveien (500moh)
Turtype Fjellskitur
Distanse 16,0km
Høydemeter 1500m
Kart
Bestigninger Trolltinden (1346moh) 22.02.2018
Sørvest for Trolltinden (1291moh) 22.02.2018
Vardfjellet (1226moh) 22.02.2018
Inste Åbittinden (1396moh) 22.02.2018
Frå Åbittinden mot Trolltinden
Frå Åbittinden mot Trolltinden

Solotur frå parkering Trolltindveien. Innser at vinterturar solo ikkje er favoritten, sakna turfølgje enormt undervegs. Bestemde meg for å prøve opp til Åbittinden først. Bratt opp siste kneika, på med stegjern og brukte isøksa. Så vidare til Vardfjellet, ned i dalen til ca 950 moh og opp igjen på 1292-toppen. Veldig fin snø her nede og fin temperatur. Vurderte ryggen direkte til Trolltinden, men gjekk mot skaret mellom Åbittinden og Trolltinden. Skia på sekken opp ryggen. 2 stk hadde gått heile traversen før meg, såg dei undervegs og møtte dei på parkeringa etterpå. Møtte og folk på toppen, dei hadde i tillegg vore på Ryssdalsnebba samme dagen. Populært område dette. Nedfarten på fjellski vart ikkje det store, blir ei stund til eg brukar desse skia til toppsamling igjen. Godt fornøgd med 3 pf 100 + ein rett under og reiste heim til Vinjar og Lise.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.