Sunndal: Storrunde sør for Raubergshytta (27.03.2018)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Raubergshytta (1,317m)
Endpoint Raubergshytta (1,317m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 9h 03min
Distance 33.0km
Vertical meters 1,750m
GPS
Ascents Håkodalshøa (1,732m) 27.03.2018
Øst for Håkodalshøa (1,677m) 27.03.2018
Nørdre Svarthammaren (1,798m) 27.03.2018
Storaurhøa (1,692m) 27.03.2018
Storpurka (1,614m) 27.03.2018
Sør for Storskardhøa (1,690m) 27.03.2018
Storskardhøa (1,871m) 27.03.2018
GPS viste 2000 hm. Korrigert til 1750 etter kartlesing.

Møre og Romsdal pf 100 1076/1159

Siste skikkelege turdag før heimreise. Vakna tidleg og fyrte i omnen. Det vart kaffi og ein Real-pakke ispedd potetmos til frokost. Utan denne hadde dagen blitt strevsom. -2 og mindre vind når vi starta. Skyfri himmel igjen, dette holdt seg heile dagen. Sjølv om buketten med 5 pf 100-toppar sør for hytta var planen var eg klar over at dette ville bli langt med det utstyret vi hadde. Først til Storpurka, markert med trig pkt 1614 som toppunkt. Trur det er 1 meter eller så høgare ca 190 meter mot nord. Så kryssa vi scooterleden mellom Håkodalsvatna. Stortrafikk mot Torbudalen, alle skulle på hytta. Ungar og hundar og besta og pikk og pakk bak på sledane. På Håkodalshøa hadde det vært ein skiløpar rett før oss, ferske skispor. Så gjekk det greitt å motivere seg for Nørdre Svarthammaren. Fekk ein liten mental knekk når eg såg ned på Storaurhøa og avlyste denne umiddelbart. Men etter litt tankevirksomhet og påtrykk frå ungdomen tok vi denne og. Det vart eit stykke tilbake til Storskardhøa. Siste bakken opp gjekk seigt. Og så vart det ei forferdeleg nedkjøyring nordover i eit mannskitføre. No fekk vi igjen for utstyret vi hadde dratt med oss. Kunne sjå hytta på lang avstand i dag, ingen skispor mot den. Så igjen var vi åleine, heilt utruleg. Men så i skyminga kom det frå Kroksleiven: "Det kjem folk, og det er ikkje kødd ein gong". Vi røska saman utstyr og rydda kåken i ein fei. Ein enslig mann i pensjonsalder kom inn. Moldenser og veldig triveleg kar, Torbjørn Kringstad. Etter litt snakk kom vi fram til at vi hadde møttest før. På Dønttinden i Rauma 30. april i fjor. Snakk som samantreff! Han kom frå Bjorli og Aursjøhytta. Nok ein suksessdag i boks. Då gjenstod berre utmarsj og heimreise neste dag.

Storpurka, dagens første.
Storpurka, dagens første.
Mot punktet som eg trur er høgare enn ved varden, ca 190 meter nordover.
Mot punktet som eg trur er høgare enn ved varden, ca 190 meter nordover.
Frå Håkodalshøa mot Aursjøen
Frå Håkodalshøa mot Aursjøen
Nørdre Svarthammaren
Nørdre Svarthammaren
Frå Nørdre Svarthammaren mot Storskarhøa
Frå Nørdre Svarthammaren mot Storskarhøa
Men først ein tur ned og bort til Storaurhøa
Men først ein tur ned og bort til Storaurhøa
Austover frå Nørdre Svarthammaren
Austover frå Nørdre Svarthammaren
Torleiv godt førnøgd på dagens siste Storskarhøa
Torleiv godt førnøgd på dagens siste Storskarhøa
Torleiv glir mot hytta, ei elendig nedkjøyring ventar
Torleiv glir mot hytta, ei elendig nedkjøyring ventar
Mot fleire Sunndalsfjell
Mot fleire Sunndalsfjell

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.