Sunndal: Seterfjellet og Grynningdalskollen (25.03.2018)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Raubergshytta (1,317m)
Endpoint Raubergshytta (1,317m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 18min
Distance 14.8km
Vertical meters 750m
GPS
Ascents Grynningdalskollen (1,599m) 25.03.2018
Seterfjellet (1,812m) 25.03.2018
Nordre Seterfjellet (1,757m) 25.03.2018
Søre Seterfjellet (1,759m) 25.03.2018
GPS viste 1000 hm. Altfor mykje, korrigert til 750 ut frå kartlesing.

Møre og Romsdal pf 100 1067/1159

Vi vakna etter ei god natts søvn på Raubergshytta. Sidan vi var åleine låg vi inne i opphaldsrommet. Fyrte i ovnen og tok oss tid til ein kopp kaffi. Dagens tur var ikkje av dei lengste og veret heller ikkje heilt toppers. Så ingen stress, vi var på ferie. Kom oss til slutt avgarde og peila oss inn på Seterfjellet. Her har eg vore før, men fin å ta i rundturen. Og så fekk Torleiv seg ein ny 1800-metring. Mot toppen tjukkna det til og var på grensa til utriveleg. Kun kort pause ved varden før vi glei vidare mot Grynningdalskollen. Mot denne og vidare til hytta vart det lettare skydekke og rett så triveleg. Veldig stygge lydar i snøen. Snølaget under oss kollapsa mange gonger, faktisk slik at vi kjende det. No var dette i dalar og flatare parti. På ryggar og toppar var det avblese og hardt så turen vart gjennomført i heilt trygge former. Men god grunn til å vise aktsemd i vinterfjellet slike dagar! Pulsen steig når vi nærma oss hytta. Var den invadert av folk? Nei, ingen å sjå, heller ikkje skispor. Ganske overraskande. Vi trudde dette området og hytta var meir populær. Oppsummert: Fin rundtur i varierande ver, runda kan anbefalast.

Suksess på Grynningdalskollen
Suksess på Grynningdalskollen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.