Kjølbergtinden (27.03.2018)  5

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 2h 12min
Entfernung 9,4km
Höhenmeter 449m
GPS
Besteigungen Kjølbergtind (1.545m) 27.03.2018 14:36

Ein må stadig utforske nytt terreng, og sett bort frå dei fyrste 500 meterane, hadde eg ikkje gått her før. Det var nydeleg skiføre, og sol frå skyfri himmel. Inn dalen, og om lag i 20 minuttar, var det litt tak i motvinden. Det løya då eg kom opp til 1475 vatnet. Brukte toppturskia i dag, då eg såg føre meg eit par fine nedkøyringar. Det fungerte fint. Valde å skøyte over 1475 vatnet på returen, i staden for feller på. Turen hadde fungert veldig fint på fjellski også.

Det var ein del folk ute i terrenget, såg tre grupper, ma. to spreke hundar som måtte helse på meg. Nokon valde å gå opp 1390 toppen under Eldrevassbergi, og køyrde den brattaste linja ned. Eg trur dei tok fleire turar :) Tre fine nedkøyringar på returen, der ein kunne lage fine svingar.

Nydeleg dag i fjellet. Påsken lovar godt.

Ein lite markert topp, men fin utsikt 360. Dalføret ein ser er Mørkedalen nedanfor Bjøberg. Rett over votten er kanten på fjellet, 4 meter lægre. Ein ser Slettind på hi sida, til venstre for midten.
Ein lite markert topp, men fin utsikt 360. Dalføret ein ser er Mørkedalen nedanfor Bjøberg. Rett over votten er kanten på fjellet, 4 meter lægre. Ein ser Slettind på hi sida, til venstre for midten.
Spora eg kom opp, mot 1536 toppen.
Spora eg kom opp, mot 1536 toppen.
Flott høgfjellsterreng. Spora mine på 1475-vatnet.
Flott høgfjellsterreng. Spora mine på 1475-vatnet.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.