Ørskog: Kjølen (24.03.2018)

Written by Freeflex (Ragnar Liaskar) GSM

Map
Ascents Kjølen (527m) 24.03.2018
Visits of other PBEs Skitnesetervegen/E39 p-plass (300m) 24.03.2018

Med svært stor skredfare over stort sett heile Sunnmøre, 8-10sm vind meldt og vesentlig høgare temperaturar var det ikkje så mange aktuelle turmål å ta av som vanleg på Sunnmøre denne laurdagen. Men sidan sola skulle kike fram og Trygve gjerne vil gå inn dei nye skia sine skikkeleg satt vi kursen mot småtoppar på Ørskogfjellet der hellinga er under 30 grader, men primærfaktoren på minst 100 meter :)

Parkerte ved hovedvegen sidan vi var usikre på parkering ved hyttene og kor godt vegen var brøytt. Dessuten er den vel muligens reservert for hytteeigarane? Parkering var det smått om, så dei ekstra meterane på beina var nok rett avgjerd på alle måtar.

Skiftande vær undervegs, men nokre solgløttar her og der ga utsyn til enkelte toppar og med skyer som leika rundt toppane var det faktisk ganske flott. I stigninga mot toppen fekk vi bekrefta at lagdelinga er kraftig og at det sjølv i slakk helling er godt mogleg å løyse ut små flak. Får berre krysse fingrane for at folk følger meldingane dei nærmaste dagane og ikkje rotar seg bort i bratt og no svært risikabelt terreng.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.