Veslfjellet (17.03.2018)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Veslfjellet (1,743m) 17.03.2018

MonsterSibirSprengkulde var venta over landet ifølgje media og ingen "skredekspertar" hadde vært ute og åtvara mot livsfarlege forhold i fjellet dei siste 48 timane så da måtte vel ein tur til turistfella Besseggen være innafor tenkte vi.
La i veg frå Bessheim i kaldt og fint vær. Liten trekk oppover bakkane mot Bessvatnet gjorde det noko surt, men vinden løya og innover vatnet vart det reine påskestemninga bortsett frå gjennom eit par små skuggeparti.
To par framfor oss gjekk opp spor opp eggen så vi kunne cruise opp under perfekte forhold.
Para drog omtrent rett aust etter toppen så vi kunne cruise fyrste sporet ned under perfekte forhold på nordsida av 1722 punktet. Litt utmarsj over Bessvatnet var ikkje noko problem å svelge etter den nedkøyringa. Litt gjennombrot, men fortsatt brukbart frå Bessvatnet og ned til Bessheim.
Heilt grei dag på Besseggen, men turisth*****e alla klagar over på Besseggen såg vi ikkje noko til.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.