Gullfjellet og hjertetur (10.03.2018)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Indrebø (227m)
Endpoint Indrebø (211m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 52min
Distance 11.3km
Vertical meters 1,063m
GPS
Ascents Sandfjellet (1,249m) 10.03.2018 not summited

Dei to "ungdommane" mine er gjennomsnittleg og passeleg interessert i friluftsliv. Ho likar rolege fine fjellturar og han er over snittet interessert i fiske. Mine rastlause "gener" er eg åleine om...men heldigvis er det velsigna greit ifrå dei begge :)
Miriam sto litt på brett i skisenteret då ho var liten. Sidan vart det ei ungdomstid...!! No er ho snart 22 år og interessa er tilbake og det er til stor glede for eit mammahjerte :)
Eg har ikkje pressa på dei med mitt turliv meir enn høgst nødvendig!! Men ofte har eg følt at det kjennast egoistisk å suse rundt i fjella, løp, trening og andre fine turar ilag med venner og kjente åleine. Så ekstra stas var det når ho fanga opp Sandfjellet som lørdagens turmål, i strålande sol. Eit fjell eg har fortalt mykje bra om... Trur du det er eit bra brettfjell? Ja, det er perfekt :) Eg og Miriam starta turen litt i forkant av dei andre som skulle være med. Det var ganske så fint og ho fekk roen til å nyte og bli kjent i det nye fjellområdet. Ho var den einaste på brett av oss alle og gjekk tyngre med utstyr, brettet sitt og truger. Som planlagt kom vi ilag alle, etter bratte Pegilegjelet til pause og ein matbit. Derifrå luffa me i ein samla fin gjeng, opp mot fortoppen på Sandfjellet. Vindstille, snøen låg som pudder på toppen og sola varma. I bilen på heimveg får eg kontra beskjed: Det er den finaste turen eg har hatt, eg greide brettsvingane, for eit fjell, ein kjekk gjeng å være på tur ilag med og dei fine kvite rypene :)
https://www.youtube.com/watch?v=Jn5Iv3vVMnw

Vinterstille tidleg ein lørdagsmorgen ved Movatnet
Vinterstille tidleg ein lørdagsmorgen ved Movatnet
Rypespora var dei første idag...
Rypespora var dei første idag...
Ein nydelig rygg å gå opp Pegilegjelet mot Sandfjellet
Ein nydelig rygg å gå opp Pegilegjelet mot Sandfjellet
Ein blir små i så mektige omgivelser!
Ein blir små i så mektige omgivelser!
Miriam nyter fjella og stilla
Miriam nyter fjella og stilla
Påskestemning, blikkstille og ganske så solvarmt. Fint å ta matpausen på første flate etter Pegilegjelet. Ein livleg gjeng med god prat og latteren sat laust :)
Påskestemning, blikkstille og ganske så solvarmt. Fint å ta matpausen på første flate etter Pegilegjelet. Ein livleg gjeng med god prat og latteren sat laust :)
Til varden mot fortoppen på Sandfjellet og knapt eit drag i lufta.
Til varden mot fortoppen på Sandfjellet og knapt eit drag i lufta.
Ein godt nøgd turgjeng...:)
Ein godt nøgd turgjeng...:)
Miriam og Ole Christian har starta eit eventyrleg nedrenn...
Miriam og Ole Christian har starta eit eventyrleg nedrenn...
Nydelig skue til Botnavatnet/Botnadalen og inn mot grensefjella til Jølster
Nydelig skue til Botnavatnet/Botnadalen og inn mot grensefjella til Jølster
Miriam signerer med brett, sin takk for turen til fjellet
Miriam signerer med brett, sin takk for turen til fjellet
Miriam og Brit Siv
Miriam og Brit Siv

Takk for ein strålande dag ilag: Miriam Eikås, Brit Siv Fimland, Ingvald Kvåle, Tore Dvergsdal, Jan Valberg, Ole Christian Solheim og Mira

https://www.youtube.com/watch?v=lufX7Ydp_v8

User comments

  • -
    avatar

    Det der..

    Written by Freeflex 14.03.2018 13:58

    ..såg berre heilt fantastisk herlig ut! Det er flott på tur aleine, men det er jaggu kjekt å dele opplevelsane med familie og venner innimellom og. "Ja, takk, begge deler!" som Ole Brumm so klokt sa. :)

    • -
      avatar

      Sv: Det der..

      Written by Eikås 16.03.2018 21:41

      Ja... Det var fantastisk :) Det var nok ein av dei beste turane! Fin den med Ole Brumm :) Eg tipper det må være ein rein nytelse der hos deg no, mellom dei finaste tindar og pinakler! Håper å få til ei fin helg der oppe snart. Har blåst litt på toppane her no, så forholda er begynt å bli litt ymse! Men for all del, skal ikkje klage! Her finnast så mange muligheiter og skjulte skatter endå :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Det der..

        Written by Freeflex 16.03.2018 23:00
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.